Det er tredje gang eg er i Romania for å dekke markeringa av revolusjonen for NRK.
Alt for fem år sidan var dette ei mykje enklare historie å fortelje. Den handla om eit folkeleg opprør mot diktatoren Nicolae Ceausescu. Ein brutal diktator som med hard hand undertrykte sitt eige folk.
Desperat prøvde han å slå ned opprøret med makt, over tusen menneske vart drepne.
Det enda ved kavalerileiren i byen Targoviste. Diktatorparet Nicolae og Elena Ceausescu blei stilt for ein provisorisk standrett som varte i knappe to timar.
Så vart dei ført ut til ein murveggen og skotne. Fjernsynsbileta gjekk verda rundt. Det forvridde andletet til ein død Ceausescu sette ein støkk i mange i 1989.
Revolusjon eller statskupp?
Lenge har spekulasjonane rast om revolusjonen var eit blodig teater, der militære avdelingar fekk ordre om å skyte på kvarandre for å skape ein illusjon av at det var eit opprør.
I 2018 måtte arvtakaren til Ceausescu, Ion Iliescu, møte opp hjå statsadvokaten.
Der vart han sikta for brotsverk mot menneskeslekta.
Militæradvokat Marian Lazar fortalde han hadde funne bevis på at revolusjonen var iscenesett av Iliescu.
– Falsk informasjon vart spreidd gjennom fjernsyn og radio om at terroristar skaut på demonstrantar. Det var ein «psykologisk operasjon», for å skape ein unntakstilstand og frykt, kunngjorde Lazar.
Lazar hevda også at høgareståande offiserar hadde gjort tre attentatforsøk på presidentparet, før dei vart avretta i Targoviste første juledag 1989.
Sidan har historikarane byrja spekulere i om revolusjonen berre var eit statskupp.
– Det var litt av begge deler
Eg møter forfattaren Ana Blandiana på kontoret hennar. Ho har via livet sitt til å dokumentere ugjerningane til kommunistregimet.
– Vi snakkar om ein halv million politiske fangar sidan 1945, fortel Blandiana. Og da har vi ikkje rekna med dei som vart torturert og fengsla utan lov og dom.
– Paradokset er at Ceausescu sjølv vart eit offer for dette systemet. Heile rettssaka var jo ein parodi! Ceausescu vart gjort til syndebukk, slik at dei andre kunne gå fri, fortel Blandiana til NRK.
– Securitateagentane fekk halde fram i det nye statsapparatet. Vi kan telje på ei hand kor mange som har måtte svare for seg i retten. Enda færre har blitt dømt, fortel ho.
Men var det då eigentleg ein revolusjon, spør eg?
– Når eg får dette spørsmålet brukar eg å seie begge deler. For dei som demonstrerte i gatene var det ein ekte revolusjon. Men det var også mykje manipulasjon på bakrommet, fortel Blandiana.
Sat i presidentstolen til Ceausescu
Så var det aktørane på bakken. Dei bidrog også til å tåkelegge bildet av revolusjonen. Ein ting er at folka under Ceausescu fekk halde på som før.
Ein annan er at opprørsleiarane også hadde tette band til statsapparatet.
Slik som Ion Gitlan. Han fortel opent til NRK om ei fortid i militær kontraetteretning. Men han understrekar at han under revolusjonen demonstrerte i gatene som ein vanleg borgar.
Gitlan var ein av dei første som storma inn i hovudkvarteret til kommunistpartiet etter at Ceausescu flykta frå taket i helikopter den 22. desember.
Det var det store vendepunktet, for det var den dagen hæren skifta side og byrja støtte demonstrantane.
I trappa fann han ein Kalasjnikov som han brukte til å arrestere mellom anna sjefen for Securitate. Vi snakkar her om sjefen for det største hemmelege politistyrken i Aust-Europa.
– Eg lenka han fast til ein radioator, fortel Gitlan.
I to timar sat Gitlan i stolen til Ceausescu og svarte på innkommande telefonar.
Ein av dei som ringde var landets neste president, Ion Iliescu. Han skulle berre sjekke om kysten var klar. Straks Iliescu var på plass, vart securitatesjefen slept fri, og Gitlan kunne senke våpenet sitt.
Han vedgår det er litt underleg at folka frå Securitate blei slept fri så raskt.
Men Gitlan står likevel fast ved at det var ein ekte revolusjon. Han mista sonen sin, som vart skoten av ukjende væpna menn medan han demonstrerte i Bucuresti sentrum.
– Han var den første som vart drepen i Bucuresti. Det er reist eit minnesmerke for han, fortel Gitlan.
Samtidig føregjekk det ein maktkamp mellom det hemmelege politiet og hæren. Dette er ein strid som framleis pregar politikken i Romania, fortel Gitlan alvorleg.
Kor var du, eigentleg?
Ein annan ting rumenarane elskar å snakke om, er kva dei gjorde under revolusjonen. Desse historiene blir gjerne betre etterkvart som tida går.
Dei rumenske filmskaparane bak filmen «Kor var du, eigentleg» frå 2006, harselerar litt med dette.
Filmen er lagt til den fattige byen Vaslui seksten år etter revolusjonen. Filmen teiknar eit bilde av eit samfunn som strevar med arbeidsløyse og alkoholisme. Folk her har nok med eigne problem, dei bryr seg ikkje stort med politiske diskusjonar.
Ein lokal TV-kjendis prøvar likevel. Han inviterar to personar til paneldebatt for å finne ut kva folk i byen eigentleg bidrog med i kampen mot Ceausescu.
Den eine, ein alkoholisert lærar, fortel han slost med det hemmelege politiet Securitate før regimets fall.
Problemet er berre at innringarane i programmet har ein annan versjon. Ingen hadde slost mot styresmaktene, og læraren hadde forresten vore full! Det var jo helg og snart jul.
Når læraren er fullstendig audmjuka og sit med bøygd nakke, bryt den andre deltakaren på panelet inn i diskusjonen. Det er ein eldre herre, som innrømmer han ikkje hugsar så mykje frå revolusjonsdagane. Ja, han hadde krangla med kona si og reist på marknaden for å kjøpe henne blomar.
Når det gjeld revolusjonen så vedgår den gamle mannen at folk i Vaslui ikkje er spesielt opprørske av seg. Men likevel:
– De må forstå folkens, at rumenske revolusjonar er litt som rumenske gatelys. Dei slær seg aldri på samtidig, det skjer på litt ulikt tidspunkt, frå bydel til bydel, og frå by til by.