NRK Meny
Normal

Roma-restaurantar i mafiaens grep

Mafiaen kjøper opp stadig fleire lovlege verksemder i Roma. I går stengde politiet to verdskjende og populære restaurantar midt i det travlaste turistområdet i den italienske hovudstaden.

Resetauranten Er Faciolaro er stengt av politiet.

Politiet har stengt den populære restauranten Er Faciolaro i sentrum av Roma i ein antimafia-aksjon.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Dei to restaurantane, «Er Faciolara» og «La Rotunda» er normalt fulle av turistar. Begge to var kontrollerte av ein 47 år gammal forretningsmann frå den sørlege regionen Calabria, sjølve årestaden for 'Ndrangheta-mafiaen. Dei to restaurantane ligg like ved Pantheon, keisar Augustus-tempelet og Trevi-fontena.

'Ndrangheta er i dag den rikaste og mektigaste av dei italienske mafiaorganisasjonane, takke vere at dei har nærmast full kontroll over kokaintrafikken til Europa. Organisasjonen syltar ned pengane sine i «lovlege» verksemder også i det nordlege Italia, først i Milano-området og seinare også i Bologna og Roma.

– Berre mafiaen har råd

Restauranten La Rotonda stengt etter antimafia-aksjon.

Restauranten La Rotonda, populær blant mange turistar, vart stengt i ein aksjon mot mafiaorganisasjonen 'Ndrangheta.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Ein lokal kjøpmann like ved Pantheon seier til det italienske nyheitsbyrået ANSA at husleigene i dette området av Roma er så høge, at det berre er mafiaen som har råd til dei.

– Leigeavtalar skiftar eigarar heile tida, stadig nye folk kjem inn, men alle veit kven som står bak dei, seier kjøpmannen. Åtte personar som jobbar for den 47 år gamle forretningsmannen som dreiv dei to stengde restaurantane, er også under etterforsking.

Politiet opplyser at namnet til 47-åringen dukka opp første gong i november 2008, under ei etterforsking som leidde fram til at den ikoniske restauranten «Cafe de Paris» i Via Veneto vart stengt i ein aksjon mot 'Ndrangheta i den italienske hovudstaden.

Aksjonen mot dei to restaurantane i går var den siste i ein serie høgprofilerte aksjonar mot 'Ndrangheta. I januar i år vart 160 personar arresterte i den hittil største operasjonen mot verksemder politiet trur blir styrte av 'Ndrangheta i det nordlege Italia.

Duisburg-massakren

'Ndrangheta var ein gong ein liten organisasjon som dreiv med bortføringar og utpressing i fjellområda i Calabria, heilt i skuggen av dei større og mektigare organisasjonane Cosa Nostra på Sicilia og La Camorra i Napoli-området.

Organisasjonen vaks seg stor og sterk i det stille, og det var først etter dei brutale drapa på seks personar utanfor ein pizzarestaurant i den tyske byen Duisburg i 2007 at 'Ndrangheta vart kjent internasjonalt. Drapa var eit internt oppgjer i organisasjonen.

Mafia-massakre i Duisburg i Tyskland i 2007.

Drapa på seks menneske utanfor ein pizzarestaurant i Duisburg i Tyskland i august 2007 gjorde 'Ndrangheta-mafiaen internasjonalt kjent.

Foto: Wolfgang Wiebold / Ap

- Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

I dag er 'Ndrangheta den mektigaste, rikaste og den mest brutale av dei italienske mafiaorganisasjonane, takka vere kontrollen dei har over kokaintrafikken frå Sør-Amerika til Europa. Organisasjonen har omfattande internasjonale forgreiningar, og den indre justisen er så sterk politiet har store problem med å få informasjon.

- Utsletta lokal 'Ndrangheta-klan

drapa på seks personar

– Farlegaste gruppering

Domenico Oppedisano vart arrestert i 2010.

Mannen politiet meiner var toppsjefen i 'Ndrangheta, Domenico Oppedisano, vart arrestert i 2010. Ingen veit kven som styrer organisasjonen no.

Foto: Ap

Det europeiske politisamarbeidet Europol kallar 'Ndrangheta for den farlegaste grupperinga innanfor organisert kriminalitet., og grupperinga har eit solid fotfeste i Tyskland, Spania, Nederland, Frankrike, Belgia, Sveits, Canada, USA, Colombia og Australia.

I januar i fjor avslørte FBI at organisasjonen deltok i narkotikasmugling saman med ein av dei store familieklanane til Cosa Nostra i New York, Gambino-familien.

Leiaren for 'Ndrangheta, Domenico Oppedisano (80), vart arrestert i 2010 saman med 300 andre, men enno veit ikkje italiensk politi kven som har teke over som leiar medan gamlesjefen er på vatn og brød.

I 'Ndrangheta er det berre to alternativ, å halde kjeft eller døy.

– Asylsøkjarar betre butikk enn narkotika

Slik skal de knuse ‘Ndrangheta-mafiaen

Dette er ‘Ndrangheta-mafiaen

- Politi-samarbeid stansa ny mafia-allianse

Lånte penger av mafiaen – fikk tre kuler i posten

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt