Hopp til innhold

Roma-bombe mangla detonator

Ei bombe er funnen på ein t-banestasjon i den italienske hovudstaden Roma. Bomba kunne truleg ikkje ha eksplodert, seier ein talsmann for politiet.

Bombefunn i Roma

To politimann framfor inngangen til t-banestasjonen Rebibbia i Roma.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Bomba vart funnen klokka 10 i føremiddag på t-banestasjonen Rebibbia i utkanten av den italienske hovudstaden. Rebibbia er endestasjonen på line B i t-banenettet i Roma.

Politiet ber med seg utstyr bort frå t-banestasjonen Rebibbia i Roma.

Politiet ber med seg utstyr bort frå t-banestasjonen Rebibbia i Roma.

Foto: ALESSANDRO BIANCHI / Reuters

Politiet vart straks varsla, og området vart avstengt.

- Mangla detonator

Eine talsmann for politiet seier at bomba mangla detonator, slik at ho truleg ikkje kunne ha eksplodert.

Trafikken går no som normalt til og frå t-banestasjonen Rebibbia, og på resten av t-banenetttet i Roma, melder ANSA.it .

Pakken vart funnen av ein tilsett i t-baneselskapet ATAC. Pakken inneheldt ein boks med røyr og krut, og det stakk leidningar ut av boksen, melder fleire italienske aviser og nyheitsbyrå. Pakken vart lagt i ein plastpose og plassert under eit benk på stasjonen.

Bomba vart raskt uskadeleggjort av bombeekspertar frå det italienske politiet.

Tidlegare i dag sa Giampaolo Polizarro, talsmann for dei lokale styresmaktene i Roma, at alt tyda på at bomba kunne ha eksplodert. Han sa at det truleg var snakk om ei fjernstyrt bombe, fordi gjenstanden var knytt til ei antenne.

- Urovekkjande

Ordføraren i Roma, Gianni Allemanno, seier i ein kommentar at funnet på t-banestasjonen er urovekkjande, men at alt no tyder på at bomba likevel ikkje kunne ha eksplodert.

Allemanno forsikrar om at det trygt å reise med t-banen i Roma. Han fortel at alle tog og stasjonar er gjennomsøkte på jakt etter eksplosivar, og det er ikkje gjort andre funn. Han takkar politiet og naudtenestene for at dei handla så raskt og effektivt då alarmen gjekk.

Det har kome motstridande meldingar om bomba vart funnen på ei t-banevogn eller på sjølve stasjonen, men ein representant for ATAC seier at bomba vart funnen på stasjonen.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

SISTE NYTT

Siste nytt