Hopp til innhold

Rohingyaar er livredde for å bli sende tilbake til Myanmar

Mange rohingya-muslimar har stukke av frå flyktningleirar i Bangladesh, i frykt for kva som kan skje med dei når dei blir sende tilbake til landet dei flykta frå.

Rohingya i Bangladesh

PÅ LISTE: Rohingyaane Nurul Amin (t.v.), og Mohammed Selim står på lista over flyktningar som Bangladesh skal bli sende tilbake til Myanmar.

Foto: Dar Yasin / AP

– Eg vil ikkje dra. Kona mi og fleire familiemedlemmar har reist frå leiren, dei vil heller ikkje tilbake, seier Nurul Amin til AP.

Han er eitt av namna på lista over rohingya-flyktningar, som etter planen skal sendast tilbake til Myanmar denne veka. Returneringa startar torsdag, og i første omgang skal 2.260 rohingyaar bli sende tilbake til Myanmar.

– Sjølv om dei seier at dei skal skyte oss om vi ikkje drar tilbake, så kjem vi ikkje til å reise, seier Amin, som har budd i flyktningleiren Jamtoli saman med familien i over eitt år.

Ved sidan av han sit 23 år gamle Mohammed Selim og nikkar. Han fortel at også kona hans og sju andre familiar reiste frå flyktningleiren, då dei fekk høyre at dei kom til å bli sende tilbake til Myanmar.

Familie rohingya

Nurul Amin, kona hans Rehana Begum og barna deira har reist frå flyktningleiren dei har budd i det siste året fordi dei er redde for å bli sende tilbake til Myanmar.

Foto: Mohammad Ponir Hossain / Reuters

Utsette returar

Rundt 720.000 rohingyaar har flykta til Bangladesh sidan myanmarske regjeringsstyrkar starta ei rekke angrep mot folkegruppa i delstaten Rakhine i august i fjor.

Flyktningane har fortalt om drap, massevaldtekt og grove overgrep, og fleire hundre landsbyar som er brende ned.

I november i fjor vart Bangladesh og Myanmar samde om ei avtale for retur av rohingya-flyktningar. I januar vart dei også samde om ei tidsramme for returane, og at i løpet av to år skulle alle flyktningane vere sende tilbake.

Returane er blitt utsette fleire gongar. FN vil ikkje at Bangladesh skal sende tilbake rohingyaane slik situasjonen i Myanmar er no.

– Vi meiner framleis at forholda ikkje ligg til rette for at rohingyaane kan flytte heim. Ingen kan garantere tryggleiken deira, seier FN-observatøren Robert Mardini.

Rohingyaane er ifølgje FN ei av verdas mest forfølgde minoritetar. Dei vert nekta statsborgarskap i Myanmar, som ser på dei som ulovlege innvandrarar frå Bangladesh, til trass for at dei har levd der i fleire generasjonar.

Rohingya i Bangladesh

Dei aller fleste av flyktningane som har flykta til Bangladesh har slått seg til Kutupalong-leiren i Cox's Bazar, like ved grensa til Myanmar.

Foto: Altaf Qadri / AP

Usikker framtid

Søndag sa regjeringa i Myanmar at dei er klare til å ta i mot flyktningar som vender tilbake. Dei seier at flyktningane kjem til å bli plasserte i leirar i to dagar, der dei skal få mat og kle, før dei blir sende vidare til transittleirar.

Både Amin og Selim er klare på at dette ikkje er eit alternativ for dei.

– Om vi må dra, så krev vi at vi får reise tilbake til heimane våre, og ikkje til endå ein flyktningleir i Myanmar, seier Selim.

SISTE NYTT

Siste nytt