Hopp til innhold

Røde Kors krev gransking av åtak mot båtflyktningar

Flyktningane prøvde desperat å gi teikn til at dei var vanlege menneske då båten dei sat i vart angripen frå lufta. No krev den internasjonale Røde Kors-komiteen at åtaket utanfor Jemen vert granska.

Flyktningar angrep Jemen

DØDE: 42 flyktningar vart drepne fredag, då båten dei sat i vart angripen frå lufta.

Foto: Abdel-karim Muhammed / AP

ICRC er sjokkerte over åtaket mot båten med nærare 150 flyktningar om bord. Dei fleste var frå Somalia, og skal ha vore på veg til Sudan. Dei var rundt 50 kilometer frå kysten av Jemen, då eit helikopter opna eld mot dei.

Hjelpearbeidarar frå ICRC var til stades då dei drepne og såra vart henta til land.

– Det var hjarteskjerande. Eg såg mange menn, kvinner og barn som anten var drepne eller som hadde fått forferdelege skader, fortel hjelpearbeidaren Eric Christopher Wyss.

Krev gransking

Den internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) stadfesta fredag at 42 menneske vart drepne i åtaket.

Ifølgje overlevande prøvde båtflyktningane å signalisere at dei var sivile ved å lyse med lommelykter. Sidan dei var langt til havs då skytinga starta, var det ingen stadar dei kunne søkje tilflukt.

– Desse menneska var å flukt frå konflikt, på leiting etter eit trygt og betre liv, seier ICRCs operasjonssjef Dominik Stillhart.

Saman med den internasjonale Røde Kors-komitéen ber han om at det straks vert starta ei gransking av kva som skjedde.

Krigsbrotsverk

Sjiamuslimske Houthi-opprørarar tok makta i Jemens hovudstad Sana i september 2014. Nokre månader seinare gjekk Saudi-Arabia til krig mot opprørarane, og leiar ein koalisjon der også fleire andre land i regionen deltek.

Ifølgje FN er minst 10.000 sivile drepne og nærare 30.000 såra sidan, og millionar av menneske er drivne på flukt.

FNs høgkommissær for menneskerettar Zeid Ra'ad Al Hussein skuldar Saudi-Arabia for moglege krigsbrotsverk, og det same gjer Amnesty International og Human Rights Watch.

Saudi-Arabia får skulda

Styresmaktene i Mogadishu i Somalia skuldar koalisjonen leia av Saudi-Arabia for å stå bak åtaket.

– Den saudileia koalisjonen er ansvarleg for dette, sa Somalias utanriksminister Abdisalam Omer laurdag. Så langt har koalisjonen ikkje kommentert hendinga.

Uansett kven som stod bak åtaket mot båtflyktningane, eller kva motivet måtte vere, var det eit krigsbrotsverk, slår ICRC fast.

– Ifølgje internasjonal, humanitær lov, skal sivile ikkje bli angripne. Dei krigførande partar må gjere alt dei kan for å vere sikre på at måla dei går til åtak mot militære, og ikkje sivile.

Aden, Jemen

SISTE NYTT

Siste nytt