Hopp til innhold

Rivalane hånar sliten Hillary

Den tøffe valkampen tærer på Hillary Clinton, og nå brukar motstandarane alle knep; - Vil vi verkeleg sjå ei kvinne eldast framfor augo våre?

Hillary Clinton
Foto: BRIAN SNYDER / REUTERS

Pressefoto frå dei siste vekene viser ein tydeleg trøtt og sliten demokratisk presidentkandidat.

Og dette brukar altså dei politiske motstandarane hennar for alt det er verd.

"Menn modnar...

Den konservative radioverten Rush Limbaugh har gjort eit stort nummer av at ”menn modner medan kvinner eldast”.

– Vil vi i USA verkleleg sjå ei kvinna eldast framfor augo våre, dag for dag? spurde han nyleg i det populære talk-showet sitt.

Han fekk straks svar frå feministar, mellom andre Eleanor Smeal som leiar organisasjonen Feminist Majority.

...men er redde"

- Dette handlar ikkje om rynker, men at menn er redde for å dela makta med kvinner, seier ho.

Likevel er det ikkje berre dei mest konservative som trur at biletet av ei stadig eldre Hilary Clinton kan bli eit problem, særleg når hovudmostandaren blant Demokratane, Barak Obama, heile tida framhevar nettopp sin unge alder.

Hillary Clinton

Hilliary Clinton klemmer en krigsveteran på et arrangement i Iowa i julehelgen.

Foto: M. Spencer Green / AP

Men Clinton-staben har ikkje panikk, og Hillary sjøl er meir opptatt av å tona ned ryktet som kald og kalkulerande.

Mjuk Hillary?

I desember har ho fleira gongar stilt opp på politiske møter i Iowa og New Hamshire saman med dottera Chelsea, mora Dorothy og nære vener som i følgje den svenske avisa Aftonbladet igjen har fått stadfesta Hillary sine mjuke og omtenksame sider.

SISTE NYTT

Siste nytt