Fem tiltalte risikerer dødsstraff for brutal gjengvaldtekt i India

Fem menn er tiltalte for drap, valdtekt og fridomsrøving av ei 23 år gammal kvinne i New Delhi i India 16. desember i fjor.

Demonstrasjonar i India etter brutal gruppevaldtekt.

Ein kvinneleg advokat ropar slagord mot politiet og regjeringa utanfor rettslokalet i New Delhi, der tiltalen vart presentert torsdag.

Foto: Manish Swarup / Ap

Dei fem mennene, som valdtok og mishandla kvinna på ein buss, vil bli framstilte for ein hurtigdomstol, der dei risikerer å bli dømde til dødsstraff. Saka er venta å starte alt til helga.

Ein sjette mistenkt er under 18 år og skal framstillast for ein ungdomsdomstol.

LES OGSÅ: Flere indiske kvinner skaffer seg våpen og lærer selvforsvar

Sterke reaksjonar

Demonstrant krev dødsstraff for valdtekt.

Demonstrantar utanfor rettslokalet krev dødsstraff for gjerningsmennene.

Foto: NARINDER NANU / Afp

Saka har vekt stor oppsikt over heile verda. Reaksjonane på den brutale mishandlinga av den kvinnelege studenten har ført til store demonstrasjonar over heile India med krav om dødsstraff for gjerningsmennene. Det har fleire stader vore harde samanstøytar mellom politi og demonstrantar.

LES OGSÅ: Gruppevoldtekt skaper sterke reaksjoner i India

Det har også vore støttedemonstrasjonar i fleire andre land med krav om at det blir sett i verk tiltak i India som gir kvinner eit sterkare vern mot valdtekter.

Raseriet mot dei seks mennene er så sterkt at påtalemakta ikkje tok sjansen på at dei skulle vere til stades i retten i dag då tiltalen vart lagt fram. Dette trass i at indisk lov seier at dei mistenkte skal vere til stades i retten når tiltaleavgjerda blir lagt fram.

Frykta storming av rettssalen

Det var stor frykt for at rasande demonstrantar skulle storme rettsbygningen, om dei tiltalte var til stades.

Påtalemakta har lagt fram eit bevismateriale på over 1000 sider, og blant dette materialet er også eit avhøyr av det 23 år gamle offeret, som seinare døydde av skadane. 30 personar er kalla inn som vitne i saka.

Indere tenner lys til minne om voldtektsoffer som døde

Indiske demonstrantar tenner lys til minne om valdtektsofferet som døydde.

Foto: RAVEENDRAN / Afp

Påtalemakta vil krevje dødsstraff for dei tiltalte, noko som faren til offeret gir si fulle støtte til.

– Heile India krev at desse uhyra blir hengde. Eg støttar dei, seier han, ifølgje The Guardian.

Ingen vil vere forsvarar

Ingen indiske advokatar har vore villige til å stille som forsvarar for dei tiltalte, så retten er venta å peike ut eigne forsvararar.

Riksadvokaten i India, Altamas Kabir, forsikrar om at sjølv om saka skal førast for ein hastedomstol, så vil ikkje det kome i vegen for at saka skal vere rettferdig.

– La oss ikkje gløyme at ein person er uskuldig inntil retten har funne han skuldig, sa han til journalistar i New Delhi i dag, ifølgje BBC.

Omfattande tiltale

LES OGSÅ: Familien tok farvel med indisk voldtektsoffer

Tiltalepunkta i denne saka er svært omfattande. Etter at den 23 år gamle kvinna døydde på sjukehuset er tiltalen utvida til også å gjelde drap. I tillegg er dei tiltalte for gruppevaldtekt, for å ha prøvd å manipulere bevis og kidnapping.

Desse tiltalepunkta kan gi dødsstraff, men sjølv om dei tiltalte blir dømde til døden er det ikkje sikkert at dette blir realiteten. Dei aller fleste som er dømde til døden dei siste åra sonar i staden lange fengselsstraffer.

Trass in den enorme merksemda denne saka har fått i India, og raseriet saka har vekt, så held problemet med valdtekter fram i landet. Det er meldt om fleire stygge valdtektssaker den siste veka.

LES OGSÅ: Seks siktet for drap i India

Nye valdtekter

Blant sakene er ein politikar i det nordaustlege India som skal ha gått til angrep på ei kvinne sist onsdag. Ei tenåringsjenta vart angripen av minst to menn i byen Pudcherry sør i landet, og ei 17 år gammal jente i Delhi har skulda to slektningar for gjentekne valdtekter.

Indiske styresmakter vil no nytte seg av hurtigdomstolar for valdtektssaker, og det er etablert fem slike domstolar dei siste vekene. Tidlegare har ofte valdtektssaker hatt låg prioritet både av politi og domstolar, men den brutale gruppevaldtekta av den 23 år gamle studenten har pressa styresmaktene til å handle.

INDIA-RAPE/ A girl lights candles during a candlelight vigil for a gang rape victim who was assaulted in New Delhi, in Kolkata

Ei av mange minnemarkeringar for valdtektsofferet som døydde.

Foto: RUPAK DE CHOWDHURI / Reuters

Det blir ofte lagt sterkt press på offera sine familiar for å trekkje valdtektsskuldingar, og kvinnene blir ofte skulda for sjølve å bere ansvaret for det som har skjedd.

Teikn på handling

I New Delhi vart det nye året innleidd med at fleire tusen politimenn starta opplæring i korleis å etterforske saker med seksualisert vald mot kvinner.

Eit teikn på at styresmaktene no verkeleg vil prøve å gjere noko med valdtektsproblematikken i landet, ser ein i provinsen Punjab. Her miste to politifolk jobben, og ein tredje vart suspendert, etter skuldingar om at dei hadde trenert etterforskinga av ei gruppevaldtektssak.

Samstundes er det klart at mange valdtektssaker, som tidlegare var lagde bort, no skal etterforskast på nytt.

Protester India

Kravet om dødsstraff har vore massivt i India etter valdtektstragedien.

Foto: VIVEK PRAKASH / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt