Riksrettssaka mot Trump startar 9. februar

Riksrettssaka mot Donald Trump vil ikkje starte før i andre veka i februar. Dermed kan Senatet bruke tida på å godkjenne statsrådane i Joe Bidens regjering.

Chuck Schumer

Demokratane sin fleirtalsleiar i Senatet, Chuck Schumer, stadfestar at riksrettssaka startar andre veka i februar.

Foto: SAUL LOEB / AFP / NTB

Demokratane og Republikanarane er i natt blitt samde om ein tidsplan for denne andre riksrettssaka mot tidlegare president Donald Trump. Det har Demokratane sin fleirtalsleiar i Senatet, Chuck Schumer no stadfesta.

– Vi ønsker å legge dette grufulle kapittelet i historia til landet vårt bak oss. Læking og fellesskap vil berre vere mogleg viss det er sanning og ansvarskjensle. Og det er det denne rettssaka vil gi oss, sa Schumer fredag kveld.

Tiltalen kjem måndag

Tiltalen mot Trump blir oversend til Senatet måndag. Det stadfesta Demokratanes leiar i Representanthuset, Nancy Pelosi, fredag. Ei tidsramme som er antyda denne gongen er éi veke.

Riksrettstiltalen mot Donald trump, signert av Nancy Pelosi.

Dette er dokumentet med tiltalen som er signert av Nancy Pelosi.

Foto: BRENDAN SMIALOWSKI / AFP / NTB

Trump er tiltalt for å ha oppmuntra til «valdelege, dødelege, øydeleggjande og undergravande handlingar» og for å ha «undergrave og forsøk på å hindre godkjenninga av resultatet av presidentvalet».

Pelosi opplyser at aktoratet, som består av ni medlemmer frå Representanthuset, «er klare til å leggje fram si sak».

Når tiltalen er oversend Senatet, er riksrettssaka formelt i gang.

Demonstrant sitter i en stol i senatssalen i Kongressen

Ein demonstrant har sett seg i ordstyrarstolen i Senatet. Det er i denne salen at riksrettssaka skal gå.

Foto: WIN MCNAMEE / AFP / NTB

Ba om utsetjing

Republikanarane bad om utsetjing for at Trump og forsvararane hans skulle få tid til å førebu seg. Dette vart først avvist av Demokratane, men no er partia samde om at saka kan starte om to veker.

Trump har vald advokaten Butch Bowers frå Sør-Carolina til å leia forsvaret hans. Den tidlegare våpendragaren hans, Rudy Giuliani, er heilt ute.

Det er venta at denne andre riksrettssaka mot Trump ikkje vil ta like lang tid som den førre, som tok all merksemd i Senatet i seks veker i fjor.

Skal godkjenne ministrar

Senatet har timeplanen full i dei kommande to vekene med å halde høyringar og godkjenne nye statsrådar, og dessutan følgje opp dei mange utspela frå den nye presidenten.

Dersom Senatet hadde måtta konsentrere seg om riksrettssaka alt i den komande veka, kunne det forseinka mange utnemningar.

Lloyd Austin under høring i Kongessen 19. januar 2021

Lloyd Austin blei godkjent som forsvarsminister fredag.

Foto: POOL / Reuters / NTB

Førebels er berre den nye forsvarsministeren Lloyd Austin godkjend. Det skjedde torsdag.

Ei rekke andre nominerte er blitt spurte ut i ulike komitear dei siste dagane. Mellom dei er Pete Buttigieg som er tiltenkt posten som transportminister.

Fredag kveld kom meldinga om at Bidens tiltenkte finansminister, Janet Yellen, var samrøystes tilrådd frå komiteen som gjekk gjennom hennar sak. Det er venta at ho blir endeleg godkjent i starten av neste veke.

Tidspress

Alle dei nye statsrådane må gjennom slike godkjenningsprosessar med utspørjingar i Senatet. Normalt skjer dette i månadene mellom valet i november og innsettinga 20. januar. Men i år er dette kraftig forseinka fordi den avtroppande presidenten og det republikanske fleirtalet i Senatet fram til 20. januar, ikkje ville starte prosessen før valet var endeleg godkjent.

Dermed fekk den nye presidenten eit problem i fanget i starten, sidan han ikkje har statsrådane sine på plass.

No lettar det trykket noko. Utsetjinga betyr og at Kongressen får tid til å behandle den store koronakrisepakka til president Joe Biden.

Uklart kva McConnell vil stemme

Republikanarane sin mindretalsleiar Mitch McConnell har ikkje stadfesta at han støttar tidsplanen eller sagt kva han vil stemme. I private samtalar, som CNN har fått referert, skal McConnell ha sagt at han helst ser «at Trump forsvinn».

Det opnar for at fleire republikanarar vil stemme for riksrettstiltalen. Viss Trump blir dømd, kan han bli utelukka frå å stille til val i framtida.

Eggja tilhengjarar

Bakgrunnen for det eine tiltalepunktet mot Trump, er talen han heldt framfor tusenvis av tilhengjarar i Washington 6. januar, same dagen som Senatet formelt skulle godkjenne Biden som ny president.

Trump gjentok i talen dei udokumenterte påstandane om vidstrakt valjuks. Han bad tilhøyrarane «slåst som berre helvete» mot valresultatet. Han oppmoda dei til å gå mot Kongressen.

Kort tid etter storma ein mobb kongressbygninga. Opprørarane klarte å trenge seg heilt inn i Senatssalen, der møtet blei avbrote berre minuttar før mobben storma saka.

Galleriet i Senatskammeret i kongressbygningen

Senatorane kom seg unna berre minutt før mobben entra senatssalen 6. januar.

Foto: Win Mcnamee / AFP / NTB

Dette tvinga dei folkevalde til å gøyme seg under bord og bak benkar. Visepresident Mike Pence og speaker Nancy Pelosi blei evakuerte, saman med kistene med dei offisielle dokumenta frå valstyra i dei 50 delstatane, få minutt før mobben braut gjennom dørene. Fem personar, mellom dei ein politimann, døydde i kaoset.

Representanthuset tok ut riksrettstiltale mot Trump fem dagar seinare. 10 republikanarar stemde ja til tiltalen, saman med den samrøystes gruppa til Demokratane.

Frikjent sist

– Det vil skade den nasjonale eininga å gløyme at folk døydde her 6. januar, at valet og demokratiet vårt blei forsøkt undergrave, og grunnlova blei forsøkt vanæra, sa Pelosi torsdag.

Trump er den første presidenten i USA si historie som er stilt for riksrett to gonger. Han er òg den første som blir stilt for riksrett etter at han har gått av.

Han vart frikjent av det republikanske senatsfleirtalet under den første riksrettssaka i fjor. Då vart han skulda for å ha oppmoda Ukraina til å etterforske forretningar som var kopla til rivalen Joe Biden, i byte mot økonomisk bistand til det ukrainske militæret.

«Heksejakt»

– Denne gongen handlar ikkje skuldinga om private telefonsamtalar, men eit svært offentleg opprør som alle medlemmane i Kongressen sjølv fekk føle på kroppen, og som gjekk direkte på TV, understrekar Pelosi.

Trump sjølv har ikkje vilja ta ansvar for storminga av Kongressen. Først ei dryg veke etter storminga fordømde han valdsbruken til støttespelarane sine.

Riksrettsprosessen har han kalla «latterleg» og «den største heksejakta i politikkens historie».

For at han skal bli dømd i denne andre riksrettssaka, må alle demokratar, samt 17 av dei 50 republikanske senatorane finne han skuldig. Det er enno høgst uklart om Demokratane klarer å få 17 republikanarar over på si side, men signala frå Mitch McConnell gjer at dei ikkje ser heilt mørkt på moglegheita.

LES OG: Vil granske senatorar etter storminga av Kongressen

Alt om presidentvalget i USA

SISTE NYTT

Siste nytt