Hopp til innhold

– Ricin-sikta er blitt utsett for eit komplott

Mannen som var sikta for å sende giftige brev til Barack Obama vart i dag slept fri frå fengsling. Same dag er eit nytt giftbrev funne.

Christi McCoy, forsvararen til ricin-sikta

Christi McCoy, forsvararen til den tidlegare ricin-sikta saman med broren hans. Dei trur han har blitt utsett for eit komplott.

Foto: NTB Scanpix / Reuters

Det er ikkje kjend kva årsaka er til at den sikta, Paul Kevin Curtis, er blitt slept fri, melder nyheitsbyrået Ap.

Dette vart offentleggjort berre timar etter at styresmaktene i USA avlyste eit fengslingsmøte utan å seie kvifor.

Mannen som kjem frå Mississippi vart sikta for å sende brev med det giftige stoffet ricin til Barack Obama, ein amerikansk senator og ein statleg dommar.

– Utsett for eit komplott

Advokaten hans, Christi McCoy, stadfestar at mannen er blitt slept fri.

– Eg kan seie at han no er med familien sin, seier ho.

McCoy sa tidlegare i retten at ho trur nokon har utsett klienten hennar for eit komplott. Ho mistenkte ein tidlegare forretningspartner som den sikta hadde hatt ei rekke fientlege -postutvekslingar med.

På måndag sa FBI at dei hadde søkt etter spor av ricin i huset og i bilen til den tidlegare sikta, men at dei ikkje fann noko spor av substansen.

– Det var ikkje noko spor av ricin eller materiale ein treng for produksjonen, sa FBI-agent Brandon Grant som mistenkte at den sikta hadde kasta utstyret.

Brevet med ricin sendt til Barack Obama vart oppdaga på eit kontrollsenter i Maryland. Dette skal ha vore teksten i brevet:

«Å sjå at noko er feil og ikkje gjere noko med det, er å vere ein taus partner til at det held fram». Begge breva er signerte med «Eg er KC og eg er samd i denne bodskapen».

Nytt brev funnen

Same dag som mannen vart slept fri vart eit nytt giftbrev funne på ein flybase utanfor Washington, D.C. Brevet vart oppdaga tysdag morgon i ein rutinesjekk av postsendingane til basen, opplyser etterretningstenesta i USA.

Dei første testane viser spor av «mogleg biologisk gift».

Ricin-jakt

Det vart brukt store ressursar i å leite etter spor av ricin i huset til den tidlegare sikta.

Foto: NTB Scanpix / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt