Hopp til innhold

Reymart vart første pasient

På Filippinane byrjar hjelpearbeidarane å kome på plass. Pengar som ei heil verd har gitt til naudhjelp ber frukter, og i dag kunne tre månader gamle Reymart titulere seg med tittelen «Første pasient» på eit nytt feltsjukehus.

Reymart første pasient

Reymart er berre tre månader. I dag fekk han, mora og systera endeleg medisinsk hjelp etter tre dagar på venterommet.

Foto: Raudekrossen

– Eg veit at me har mykje tungt arbeid framfor oss. Heimen vår er øydelagd av tyfonen, men at barna mine har det bra, det gjer meg mindre uroa, seier mora til Reymart, Mary Anne.

Vart behandla for diaré

Ho og familien er blant dei mange tusen som fekk livet snudd på hovudet då den kraftige vinden slo inn over Filippinane for to veker sidan. Behovet for reint vatn, mat og helsetilbod har vore stort sidan den gong. I dag opna Raudekrossen sitt første feltsjukehus i Ormoc, ein by som ligg på øya Leyte.

– Det er særs gledeleg å endeleg vere i gang med medisinsk behandling for menneske som i tillegg til skadar og sjukdom, også i mange tilfelle både har mista heimane og arbeidsinntektene sine, seier Ståle Rudiløkken, som er nestleiar for feltsjukehuset.

Raymart Recard har berre rukke å bli tre månader, men det har også vore eit dramatisk liv så langt. Etter tre dagar i lobbyen på sjukehuset fekk han æra av å bli sjukehusets første pasient. Saman med mora og systera fekk han behandling for diaré og dehydrering.

(Saka held fram under biletet)

PHILIPPINES-WEATHER-TYPHOON

Slik såg det ut i Ormoc, kor Reymart bur, etter at tyfonen hadde slått inn over land.

Foto: NOEL CELIS / Afp

Vil prioritere enkelte pasientgrupper

Utanfor sjukehuset stod pasientane i lang kø, då behandlinga av dei første pasientane starta i dag. Høgst prioriterte er dei gravide og fødande.

– Vår hovudoppgåve i tida framover blir å behandle alle dei som no står utan eit behandlingstilbod. Me vil prioritere behovet for regionens gravide og fødande kvinner, samt behovet for kirurgiske inngrep til kapasiteten på distriktssjukehuset er bygd opp att, seier Rudiløkken.

Distriktssjukehuset er så vidt oppe og går, med rundt tjue prosent av normal kapasitet. Straumen er borte, og i dei delane av sjukehuset som ikkje er raserte ligg det pasientar overalt.

– Ved distriktssjukehuset manglar dei straum, og dette betyr at dei om natta jobbar under særs manglande lysforhold. Kvinner som har fødd får ingen plass å kvile etterpå. Dei må sitte på harde metallbenkar rette etter fødselen, fortel Rudliløkken.

Merkar at interessa vert mindre

Raudekrossen er ein av fleire organisasjonar som har fått på plass feltsjukehus dei siste to vekene. Også Legar utan grenser har opplevd særs stor pågang i sine feltsjukehus.

Til no har om lag to millionar menneske fått naudhjelp, medan ein halv million framleis ventar på å få same type hjelp. Behovet er framleis stort, opplyser UNICEF.

– Det er lova matforsyningar for dei kommande seks månadene, men behovet er stort også vidare framover, seier Daniel Toole regiondirektør for UNICEF, og legg til at det allereie vert merka at merksemda frå verdssamfunnet er i ferd med å forsvinne.

SISTE NYTT

Siste nytt