Hopp til innhold

Reykjavik vil bryte venskapen med Moskva etter homoprotest

Den stadige diskrimineringa av homofile i Russland har ført til at borgarmeisteren i Reykjavik vil avslutte byen sitt formelle venskap med Moskva.

Jon Gnarr og homoaktivistar

Borgarmeister i Reykjavik, Jón Gnarr (t.h.), har ikkje fått svar på brev han sendte til kollegaen Moskva, der han protesterte mot det russiske forbodet mot homoparadar. Han ser difor liten grunn å oppretthalde venskapet mellom byane.

Foto: NTB Scanpix

Dei russiske og islandske hovudstadane vart formelle venskapsbyar i 2007. Venskapet kan sjå ut til å bli heller kortvarig, etter at borgarmeister Jón Gnarr i Reykjavik ønskjer å kutte alle formelle band til Moskva.

Bakgrunnen for dette er den sterke innskrenkinga i rettane for russiske homofile den siste tida, skriv den islandske nettstaden visir.is.

– Etter den siste utviklinga når det gjeld rettane til homofile, biseksuelle og transseksuelle i Russland, har borgarmeisteren, rådmannen og menneskerettskontoret i Reykjavik bestemt at venskapen mellom Moskva og Reykjavik skal endrast eller bli avslutta, heiter det i eit utsegn frå byen.

Fekk ikkje svar på brev

Borgarmeister Jón Gnarr sendte i august i fjor eit brev til kollegaen sin i Moskva, der han oppfordra styresmaktene til å ikkje forby homoparadar i den russiske hovudstaden.

Han fekk aldri noko svar på dette brevet, og han meiner difor det er naturleg at samarbeidet mellom byane blir revurdert.

Ifølgje kontrakten mellon hovudstadane frå 2007 er målet å samarbeide om saker som har å gjere med ungdom- og familiespørsmål. Det har derimot vore lite kontakt med byane i løpet av dei seks åra venskapen har eksistert.

Ny homofiendtleg lov

Det er 20 år sidan homoseksualitet vart avkriminalisert i Russland. Fram til då kunne ein risikere fem års fengsel for sodomi i landet.

Sidan den gongen har homokulturen vekse, men samtidig har homofobien vore vel så sterk. Homofile blir stadig utsett for valdelege angrep frå motstandarane. Ifølgje organisasjonen Gay Russia meiner over 80 prosent av russerane at homofili er moralsk forkasteleg.

Dei nyaste innskrenkingane i homofile sine rettar i Russland skjedde i førre månad, då den russiske nasjonalforsamlinga vedtok ei lov som forbyr «propaganda for utradisjonelle seksuelle forhold».

Kritikarane seier lova kan nyttast til å straffeforfølgje einkvar som offentleg viser støtte til homofile.

Island har på den andre sida markert seg som eit av dei mest tolerante landa i verda når det gjeld rettane til homofile. Allereie i 1940 vart sex mellom personar av same kjønn legalisert på Island. Det var heile 32 år tidlegare enn i Noreg, og 53 år før Russland.

I 2009 vart Island det første landet i verda til å velje ein homofil statsleiar, Johanna Sigurdardóttir.

Russiske homoaktivister

Russiske homoaktivistar protesterar ved å kysse mot at nasjonalforsamlinga nyleg vedtok nye lover som gjer det vanskelegare å vere homofil i landet.

Foto: Maxim Shemetov / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt