Hopp til innhold

Var dollarmilliardær – no er ho hovudpersonen i ei av USAs største svindelsaker

Elizabeth Holmes fekk med blodprøvefirmaet «Theranos» tittelen som verdas yngste dollarmilliardær. No er rettssaka mot henne i gang.

Theranos Founder Fraud Trial. Elizabeth Holmes.

TILTALT: Elisabeth Holmes, grunnleggjaren av blodprøvefirmaet Theranos, på veg ut frå retten saman med sambuaren Billy Evans.

Foto: Nic Coury / AP

Påtalemyndigheitene hevdar at Holmes laug og juksa for pengar og omdømme, skriv BBC.

Firmaet hennar Theranos var verdt 9 milliardar dollar.

I 2003, som 19 år gammal, starta ho selskapet som sørgja for at ho fekk tittelen som verdas yngste kvinnelege dollarmilliardær.

Nokre omtalte ho også som den «neste Steve Jobs» på grunn av teknologien firmaet skulle byggjast på.

Kan få fengsel i 20 år

Forretningsideen blei sett på som revolusjonerande. Med berre nokre dropar blod, skulle eit slags plaster kunna analysera blodet og oppdaga sjukdommar.

No er ho tiltalt for å lura investorar og pasientar.

Rettssaka mot henne starta onsdag. Elizabeth Holmes nektar for alle skuldingane, men ho kan få 20 års fengsel om ho blir funnen skuldig.

E24 var til stades på opningsdagen i det som blir rekna som ein av dei største skandalane i Silicon Valleys historie.

– Dette er ei sak som handlar om svindel, om løgn og juks for å tena pengar, sa aktor Robert Leach i salen. Det skriv E24.

Elizabeth Holmes

STOR MERKSEMD: Theranos-saka har fått stor mediemerksemd i USA.

Foto: Nick Otto / AFP

12 svindelskuldingar skal ho no forsvara seg for i retten.

Ifølgje E24 skal selskapet ha villeia investorar ved blant anna å seia at legemiddelfirmaet Pfizer bekrefta teknologien deira, at det amerikanske forsvaret brukte apparata deira rundt om i verda og at selskapet omsette for meir enn kva dei gjorde.

Undervurderte utfordringane

– Holmes trudde med heile seg at det kunne forandra helsetenesta, skal Lance Wade, forsvararen til Elizabeth Holmes, ifølgje E24 sagt i salen.

BBC skriv at forsvarar Lance Wade uttalte at Holmes ikkje meinte å bedra, men at ho naivt undervurderte utfordringane som verksemda var i.

Han la til at Holmes var motivert av oppdraget til firmaet, og ikkje for pengane.

Holmes skal ha lurt investorar til å investera rundt 700 millionar dollar i selskapet. Meir enn 140 er vitne i saka, inkludert investorar og tidlegare Theranos-tilsette, legar og pasientar.

Legg skulda på eksen

Ramesh «Sunny» Balwani, som var kjærasten til Elizabeth Holmes, er tiltalt for det same som henne. Han var president i Theranos frå 2009 til 2016.

Førre veke blei det kjent at ho kjem til å leggja skulda på han.

Holmes skal også ha påstått at Balwani har misbrukt henne følelsesmessig i årevis. Balwani har nekta for påstandane.

Theranos Founder Elizabeth Holmes Appears In Court For Status Hearing. Ramesh Balwani

OGSÅ TILTALT: Ramesh Balwani er tiltalt for det same som Elizabeth Holmes.

Foto: Justin Sullivan / AFP

Advokatane hennar har sagt at ho høgst sannsynleg kjem til å vitna om korleis forholdet påverka den psykiske tilstanden hennar.

Saka har fått stor mediemerksemd i USA.

Historia til selskapet er også skildra i bøker, podkastar og dokumentarar og ein TV-serie. No er også ein Hollywood-film basert på livet hennar under arbeid.

Rettssaka er venta å vara i 13 veker.

SISTE NYTT

Siste nytt