Hopp til innhold

Batman-mordaren møtte i retten for første gong

James Holmes var tydeleg forvirra då han møtte i retten i dag. Påtalemakta i Colorado står over for det same dilemmaet som ved Anders Behring Breivik, nemleg om kinoskyttaren er tilrekneleg eller ikkje.

James Holmes møter i rettsmøte for første gang etter kino-masskaren i Aurora.

KLIKK FOR VIDEO: James Holmes møtte i rettsmøte for første gang etter kinomassakren.

Faren til 6-åring som vart drepen i Colorado

Faren til det yngste offeret, 6 år gamle Veronica Moser, er på veg til rettssmøtet.

Foto: KEVORK DJANSEZIAN / Afp

Retten må ta ein avgjerd innan 60 dagar på om dei ønskjer dødsstraff for kinodrapsmannen James Holmes. Under denne prosessen vil dei samarbeide tett med familiane til ofrene.

James Holmes opptrer tydeleg forvirra medan dommar William B. Sylvester leser innleiinga til rettsmøtet. Han såg ned på golvet medan dommaren snakka.

Dommaren opplyser at den fullstendige siktinga mot Holmes vil kome neste måndag. Rettssaka vil ikkje starte før om minst eitt år.

– Dette er ein vanskeleg type sak å jobbe med. Alle har jobba heile helga for å kome i mål. Eg trur ikkje nokon har hatt tid til å reflektere over saka, sa distriktsadvokat Carol Chambers på pressekonferansen.

James Holmes har blitt halden i isolat heilt sidan han vart arrestert utanfor kinoen i Aurora i Denver, umiddelbart etter skytinga som kosta 12 menneske livet. I dag blir han flytta til ein rettssal nær fengselet, for å høyre den førebelse tiltalen mot seg.

Holmes er fengsla for overlagt drap, og kan også bli møtt med skuldingar som grov lekamsskading og ulovleg våpenbruk.

Vil ikkje snakke

Drapsmannen har sålangt ikkje sagt eit einaste ord til politiet. Det er difor ingen teoriar om kva motivet hans kan ha vore – eller om han har hatt eit motiv i det heile teke. Politiet har nyleg beslaglagt datamaskinen og mobiltelefonen hans, i håp om å finne meir ut om dette.

Eit av dei sentrale spørsmåla er det same som under den norske terrorrettssaka, nemleg om Holmes er tilrekneleg eller ikkje. Dersom han blir kjend tilrekneleg er det litan tvil om at han får dødsstraff.

Delstaten Colorado praktiserer dødsstraff, men ingen har vore avretta sidan 1997.

Påtalemakta vil ha 72 timars frist på formelt sikte Holmes etter at rettssmøtet er ferdig.

– Dersom ikkje Holmes vert avretta, kan Colorado like gjerne kvitte seg med dødsstraff, seier Craig Silverman, som er ansvarleg for påtalemakta i Denver, ifølgje Reuters.

Påtalemakta har sagt at dei i alle tilfelle vil konsultere familiane til dei drepne før dei legg fram påstand om dødsstraff.

Indikasjonar på at han er gal

Det som kan redde Holmes frå dødsstraff er om han blir kjend utilrekneleg. Men sidan han har nekta å prate, er det for tidleg å spekulere i dette.

Men nokre indikasjonar har det allereie kome. Holmes hadde ein profil på datingnettstaden Match.com, der han skriv om fascinasjonen sin for futurisme og grensane mellom fantasi og røyndom.

Det er også funnen ein video av Holmes frå då han var 18 år, og talte foran medstudentar om vrangførestillingar.

– Gjennom sommmaren så har eg jobba med ein teori om midlertidige vrangførestillingar. Det er førestillingar som gjer at du kan forandre fortida, sa Holmes i videoen.

Sjå videoen her:

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Sprengte bombene hans

Tidlegare i dag utførte politiet ei kontrollert sprengning i ørkenen av bombene til drapsmannen. Bombene vart henta ut frå leiligheita till Holmes, som var innretta som ei dødsfelle. Han skal ha oppbevart over 30 bomber i leiligheita.

Grunnen til at dei ikkje detonerte eksplosivene i leiligheita var for å ikkje øydeleggje bevismateriale i samband med kinoskytinga.

I helga klarte politiet ved hjelp av ein bomberobot å ta seg inn i leiligheita utan å detonere bombene.

Politiet hentet ut over 30 bomber fra terroristen James Holmes leilighet ved hjelp av en fjernstyrt robot. Bombene ble deretter detonert i et ørkenområde sør for byen Aurora.

KLIKK FOR VIDEO:Politiet detonerte eksplosiver i Aurora. Sjå sprengninga her.

SISTE NYTT

Siste nytt