Hopp til innhold

Republikanarane vil ha ei kvinne til utspørjinga av Ford og Kavanaugh

Alle republikanarane i justiskomitéen i Senatet er menn. Dei har valt å hente inn ein kvinneleg statsadvokat til å spørje ut kvinna som skuldar Brett Kavanaugh for seksuelt overgrep.

Senatorar justiskomiteen i Senatet

ELDRE MENN: Det republikanske partiet har valt ein kvinneleg advokat til utspørjinga i Senatet å torsdag. Blant republikanarane er det berre menn som sit i panelet i justiskomitéen.

Foto: Chip Somodevilla / AFP

Det er knytt stor spenning til kva Christine Blasey Ford kjem til å seie under den opne høyringa på torsdag. Ho er ein av to kvinner som har stått fram med namn, og som skuldar Brett Kavanaugh for seksuelle overgrep på 1980-talet.

Sjølv avviser Kavanaugh skuldingane som «groteske og eit klart karakterdrap». Han hevdar at han er utsett for ein koordinert innsats for å hindre han i å få jobben som høgsterettsdommar.

Kvinneleg utspørjar

Republikanarane vil hente inn den kvinneleg statsadvokaten Rachel Mitchell frå Arizona til å stå for utspørjinga av Ford.

– Det er ikkje uvanleg å få eit profesjonelt personale til å stille spørsmål i ein slik situasjon, sa leiaren for republikanarane i Senatet, Mitch McConnell.

Alle republikanarar i justiskomitéen er menn, og leiaren, Chuck Grassley, er 85 år gamal.

Chuck Schumer

KRITIKK: Leiaren for Demokratane i Senatet, Chuck Schumer, kritiserer republikanarane for at dei ikkje sjølv står for utspørjinga av Ford og Kavanaugh.

Foto: Win Mcnamee / AFP

Leiaren for demokratane i Senatet, Chuck Schumer, trur likevel at dette handlar om meir enn representasjon.

– Det er veldig interessant at våre republikanske kollegaer, som ønsker å haste dette gjennom, er redde for å spørje Dr. Ford sjølv, og må setje inn ein surrogat, sa Schumer.

Republikanske medlemmar av justiskomiteen har varsla at det kjem til å bli stilt spørsmål ved hukommelsen til kvinnene, mangelen på augevitne, samt andre bevis for at dei snakkar sant.

Sår tvil om forklaringa

USAs president Donald Trump, som har nominert Kavanaugh som ny høgsterettsdommar, har hevda at det er demokratane som står bak skuldingane mot Kavanaugh.

Under eit møte i New York stilte Trump spørsmål ved truverdet til den andre kvinna, Deborah Ramirez, som har stått fram og skulda Kavanaugh for seksuell trakassering.

– Den andre kvinna har ingenting. Ho har innrømt at ho var full, sa Trump.

– Ho er ikkje ein gong sikker. Ho trur det kan ha vore han, eller kanskje ikkje, sa Trump.

Donald Trump

USAs president Donald Trump avfeia den eine kvinna, som skuldar Kavanaugh for seksuell trakassering, som full og forstyrra.

Foto: Carlos Barria / Reuters

Røyster på fredag

Når høyringa er over på torsdag, har medlemmane i justiskomitéen éin dag til å bestemme seg om dei vil godkjenne Kavanaugh som ny høgsterettsdommar.

Sjølv om mange av republikanarane ønskjer å røyste over nominasjonen til Kavanaugh så snart som råd, skriv Grassley på Twitter at ikkje kjem til å røyste om dei ikkje er klare.

Dersom Kavanaugh vert godkjent av justiskomitéen, ventar ei røysting i Senatet i plenum. Også der har republikanarane fleirtal, men ei handfull republikanarar er framleis usikre på om dei vil røyste i tråd med partiet.

Ein av dei som er usikre er Lisa Murkowski. Tysdag sa at ho meiner FBI bør etterforske skuldingane om seksuelle overgrep.

Det er ukjent når det vert ei eventuell røysting i Senatet.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt