Hopp til innhold

Koronakrise i Romania: – To av tre pasientar er påverka av konspirasjonsteoriar

I Romania døyr det mellom 400 og 500 personar kvar dag av covid, og ved sjukehusa er kapasiteten sprengd. Ei av årsakene er at mange ikkje tar vaksine.

Uvaksinert kvinne

UVAKSINERT: Ei kvinne (i midten) fortel til NRK og lege Laurentiu Stratan at ho valde å ikkje vaksinere seg. Etter at ho blei lagd inn på sjukehus med COVID angrar ho seg. På det vesle rommet er det stua inn fire personar som ventar på ei normal sjukeseng.

Foto: Nicola Zini / NRK

Medan resten av Europa byrjar å opne opp samfunnet igjen, har pandemien blussa opp for alvor i Romania.

Dei siste vekene har sjukehusa blitt fylt opp av pasientar som treng oksygen, eller i verste fall mekanisk pustehjelp.

NRK har besøkt den mellombelse intensivavdelinga ved Matei Balș nasjonale institutt for smittsame sjukdomar i Bucuresti.

Her er kapasiteten sprengt.

RDWYlEw91yc

Helsepersonell gjer klar ei kiste ved Bucuresti Universitetssjukehus.

Foto: Alexandru Dobre / AP

– Ikkje ideelt med pasientar her

Det er sett inn feltsenger i kantiner og møterom for å gje plass til pasientar som treng pustehjelp. Smittevernlege Laurentiu Stratan tar med NRK på ei omvising, i fullt smittevernutstyr.

Inne på eit lite rom ligg det fire pasientar som har får oksygen gjennom eit provisorisk anlegg som er festa på veggen.

Legekontor

På dette legekontoret brukte ein å behandle hundebit. No er det stua inn fire feltsenger og covid-pasientar.

Foto: Nicola Zini / NRK

– Her brukte vi å gje rabiesvaksine til personar som vart bitne av hundar, og det er ikkje ideelt med pasientar her. Men vi kan ikkje la folk som treng pustehjelp bli liggande på gata heller, fortel Stratan til NRK.

Han fortel at det er skrikande mangel på legar og sjukepleiarar. Dei som er tilgjengelege må arbeide lange skift.

– Det verste er alle dødsbodskapane vi må gje til pårørande, det er tøft fortel han.

Ein kollega av Stratan skriv på Facebook at ho har skrive like mange dødsattestar dei siste månadane, som ho har gjort dei siste 30 åra som lege.

Stratan

Laurentiu Stratan fortel til NRK at det tek på å formidle dei mange dødsbodskapane til pårørande.

Foto: Nicola Zini / NRK

Alarmen går

Inne på eit rom går alarmen. Ein eldre mann har rive av seg oksygenmaska i panikk. Stratan må avbryte intervjuet for å hjelpe til.

På ein monitor kan ein sjå at oksygennivået i blodet til mannen synk utan den livsnødvendige oksygenmaska. Stratan snakkar roleg og bestemt til mannen, og han fell til ro.

Angst

Ein eldre pasient har roa seg ned etter at han prøvde å ta av seg oksygenmaska. Mange er langt vekke frå familien og ynskjer å reise heim. Oksygenmettinga i blodet stig med ein gang mannen får surstoff.

Foto: Nicola Zini / NRK

I etasjen over ligg dei som må i respirator med mekanisk pustehjelp. NRK spør om å få besøke avdelinga, og Stratan ringer for å sjekke.

– Det er ein pasient som nettopp har fått hjartestans, det er ikkje det beste tidspunktet for å besøke denne avdelinga, fortel Stratan.

Hiv etter pusten

Ein pasient fortel til NRK han berre rakk første dosen vaksine før han blei sjuk. Han trudde han var trygg og hadde sett fram til å ta andre dose.

Foto: Nicola / Zini

Stor vaksineskepsis

Stratan fortel at fleirtalet av pasientane på avdelinga ikkje er vaksinerte. Han seier årsaka er at konspirasjonsteoriar og falske nyheiter florerer i Romania. Folk trur at dei blir sjuke av vaksinen, seier legen.

– Det er ekstremt øydeleggande. To av tre pasientar som eg behandlar er påverka av konspirasjonsteoriar, seier Stratan.

– Ein av teoriane er at pandemien og vaksinen er eit forsøk på å avgrense folkeauken i verda, og slike teoriar gjer det svært krevjande for oss legar å gjere jobben vår, fortel han.

Stratan fortel det er så ille at pårørande av og til krev å få utskrive dødssjuke pasientar. Dei meiner behandling som mekanisk pustehjelp er skadeleg for pasienten. Mange trur rett og slett ikkje på vitskapen, fortel han.

Laurentiu Stratan

Lege Laurentiu Stratan (til venstre) fortel til NRK at falske nyheiter er ei ekstra belastning for helsepersonell som no arbeider døgnet rundt.

Foto: Nicola Zini / NRK

Protestar mot vaksine

I hovudstaden Bucuresti har det vore fleire demonstrasjonar mot vaksinesertifikatet. Alle kjøpesenter, restaurantar krev dette i Romania no.

kULm9F3fVYU

«WHO reis heim» står det på plakaten til demonstrantane som sperra hovudgata i Bucuresti på laurdag.

Foto: Vadim Ghirda / AP

Vaksinemotstandarane meiner dette er undertrykking av dei som tenkjer annleis om vaksinen.

Ei viktig årsak til vaksineskepsisen er at folk har veldig lav tillit til myndigheitene. Det har vore ei rekke skandalar i helsevesenet dei siste åra.

Den Oscar-nominerte dokumentarfilmen Collective fortel ei hårreisande historie om ungdommar som døyr av sjukehusinfeksjonar etter ein brann i eit konsertlokale. Dette er ein av skandalane som gjer at rumenarane har lite tillit til myndigheitene.

Men dei høge dødstala har gjort sitt til at fleire og fleire no strøymer til vaksinesentera.

Vaksinesenter Romania

Lucian Judele (midten) i samtale med NRK og den ansvarlege legen for vaksinesenteret.

Foto: Felix Stanciu / NRK

NRK blir vist rundt i kjøpesenteret Park Lake i Bucuresti. Her møter vi viseborgarmeister Lucian Judele:

– Ja mangelen på tillit er det største problemet. Folk stoler ikkje på politikarane. Også er vi under angrep av falske nyheiter, fortel han til NRK.

Ved vaksinesenteret er det fleire som fortel NRK at dei kjem hit for å få koronapasset. Politiet har byrja stramme inn og i helga skreiv dei ut hundrevis av bøter for brot på smitteverntiltaka.

Vaksinering Romania

Vaksineringa er i full gang ved Park Lake kjøpesenteret i Bucuresti. Rundt 30 % av befolkninga er fullvaksinerte, men vaksineringa har skote fart den siste veka fortel legen ved vaksinesenteret til NRK.

Foto: FElix Stanciu

Det er også innført portforbod om natta, og skuleborn har fått to veker skuleferie. Kombinert med nytt fokus på vaksinering håpar viseborgarmeister Judele at ein slepp ei ny nedstenging av samfunnet fram mot jul.

SISTE NYTT

Siste nytt