Hopp til innhold

Rekordmange asylsøkjarar til Tyskland

Nesten 1,1 million menneske søkte asyl i Tyskland i fjor. Landet tok i mot fleire asylsøkjarar enn noko anna land i Europa.

Flyktninger i kø i Berlin

SØKJER ASYL: Flyktningar står i kø medan dei ventar på å registrere seg i Berlin i Tyskland.

Foto: FABRIZIO BENSCH / Reuters

Aldri før har så mange asylsøkjarar kome til Tyskland. Mellom januar og desember 2015 vart til saman 1 091 894 menneske registrerte som asylsøkjarar, opplyser det tyske innanriksdepartementet.

Nær 40 prosent av dei som søkte asyl i fjor kom frå Syria. Dei utgjer den største gruppa av asylsøkjarar, etterfølgt av afghanarar og irakarar.

Tyskland tar flest

Angela Merkel

Forbundskanslar Angela Merkel seier at Tyskland ikkje kjem til å ta i mot like mange flyktningar i tida framover.

Foto: FRANCOIS LENOIR / Reuters

Tidlegare har Tyskland rekna med at landet kom til å måtte ta i mot om lag 1 million asylsøknadar i løpet av 2015.

Tyskland har teke i mot fleire flyktningar og andre innvandrarar enn noko anna europeisk land.

Regjeringa i Berlin har saman med EU-kommisjonen og land som Sverige og Austerrike teke til orde for å omfordele flyktningane mellom EU-landa. Land som Ungarn og Polen har vore sterkt imot dette.

Kontrollerer grensene

Måndag denne veka innførte Sverige ID-kontroll ved grensa for å kontrollere straumen av flyktningar som kjem til landet. Berre eitt døgn etter at kontrollen vart innført merka politiet i Skåne at det kom langt færre asylsøkjarar til grensa.

Same dag som Sverige skjerpa grensekontrollen valde Danmark å innføre mellombelse grensekontrollar mot grensa til Tyskland.

Tyskland er lite begeistra for grensekontrollane, som etter alt å dømme fører til at flyktningar og migrantar på veg til Sverige blir verande i Tyskland i staden for å søkje asyl i Danmark.

Ikkje alle får asyl

Talet på asylsøkjarar som kom til Tyskland i fjor er langt høgare enn talet på registrerte asylsøknadar. Styresmaktene seier at det kjem til å ta tid før alle søknadane er formelt registrerte, og behandla.

Så langt har 476 649 personar formelt søkt om asyl. Dette er over dobbelt så høgt som året før.

Ein del av asylsøkjarane som kom til Tyskland i første del av 2015 kom frå Balkan-landa. Personar frå Albania og Kosovo utgjer den fjerde og femte største gruppa av asylsøkjarane.

SISTE NYTT

Siste nytt