Hopp til innhold

Nedtur for Perry, opptur for Cain

Rick Perry fell som ein stein, medan Herman Cain når nye høgder i ei ny meiningsmåling om kven som skal slåss mot Obama om å bli USA sin neste president.

US-124774866 GOP Presidential Candidates Participate In Debate In Tampa

Det er framleis alt for tidleg å slå fast kven som er favoritten til å bli republikansk presidentkandidat. Frå venstre: Jon Huntsman, Ron Paul, Herman Cain og Rick Perry.

Foto: WIN MCNAMEE / Afp

Politiske kommentatorar var tidleg ute med å karakterisere Texas-guvernør Rick Perry som Obama sin hovudutfordrar. Det burde dei kanskje ha venta med. I den nye meiningsmålinga gjort av ABC og Washington Post, er det no berre 16 prosent av republikanarane som ønskjer at Perry skal bli president.

Det er ein nedgang på heile 13 prosent frå september, då han leia med 29 prosent.

Mitt Romney er kandidaten som står igjen på topp. 25 prosent av republikanarane ønskjer no at han blir president. Dette talet er det same som i førre månad.

Ujamn debattant

Rick Perry

Ricky Perry var tidlegare rekna som storfavoritt, men får no berre 16 prosent oppslutning.

Foto: MICHAEL NAGLE / Afp

Perry har vore i hardt vêr dei siste dagane. Det blei til dømes avslørt at Texas-guvernøren hadde ein familiehytte ved namnet «Niggerhead». Men roten til den elendige målinga ligg djupare, for meiningsmålinga vart utført før dette var kjend.

Truleg er Perry sin opptreden i dei republikanske presidentdebattane ein av årsakene. Her har han vist ein svært ujamn innsats, og har blitt angripen av fleire av motstandarane for upopulære ting han har gjort som guvernør.

Perry har til dømes fått mykje kritikk for å ha gitt gratis utdanning til ulovlege innvandrarar i Texas, skriv Washington Post. Dette er truleg noko av det som ikkje har vore populært hos dei republikanske veljarane.

Cain til vêrs

Nevada 2012 Herman Cain

Herman Cain tar truleg stemmene frå Rick Perry når han no klatrar til 16 prosent.

Foto: John Raoux / Ap

Forretningsmannen og «outsideren» Herman Cain utmerka seg tidleg ved å vinne den aller første presidentdebatten. Dette varte ikkje lenge, for han har gjennom sommaren ikkje klart å oppnå meir enn rundt 5 prosent i meiningsmålingane. Men dei siste vekene har vist seg å bli ein ny vår for pizza-gründeren frå Atlanta.

I den nye målinga får Herman Cain heile 16 prosent – og deler no andreplassen med Perry.

Mykje av den auka merksemda for Cain skuldast truleg at han vann ein viktig prøveavstemming i Florida.

Paul like bak

Republican Debate Ron Paul

Ron Paul har vunne fleire viktige avstemmingar, men klarar førebels ikkje å klatre over 11 prosent.

Foto: Jae C. Hong / Ap

Med ein oppslutning på 16 prosent for Perry og Cain, er det likevel ikkje mykje som skiljar dei frå dei andre kandidatane.

Krigsmotstandaren Ron Paul viser seg å vere den kandidaten som held den mest stabile valkampen. Han får ein oppslutning på 11 prosentpoeng i den nye målinga. Det er omtrent det same han får i dei fleste målingar.

Paul kom på ein knipen andreplass i den viktige prøveavstemminga i Ames i delstaten Iowa i sommar, og vant ein tilsvarande avstemming i California. Men dei ukonvensjonelle synspunkta hans på utanrikspolitikken gjer det vanskeleg for han å nå ut til fleire enn den faste og svært engasjerte tilhengjarskaren.

Vidare ned på lista finn me Michele Bachmann og Newt Gingrich, som begge får sju prosent oppslutning blant dei republikanske veljarane. For Bachmann sin del er dette eit elendig resultat, etter at ho var rekna som ein av favorittane i sommar.

Det første såkalla caucus skjer i delstaten Iowa 3. januar. Rett etter følgjer New Hampshire, som skal halde sitt primærval den 10. januar.

SISTE NYTT

Siste nytt