NRK Meny
Normal

Rekordhøge 38 millionar i verda er drivne på flukt i eige land

38 millionar menneske er på flukt i eige land på grunn av konflikt eller vald. Talet er like høgt som innbyggjartalet i London, New York og Beijing til saman.

Jan Egeland foran FN-logo

Jan Egeland med IDMC-rapporten for 2013. Den viste at 33,3 millionar menneske var interne flyktningar. Talet for 2014 er 38 millionar.

Foto: FABRICE COFFRINI / Afp

– Dette rekordhøge talet på interne flyktningar viser korleis verdssamfunnet har svikta fullstendig i å beskytte uskuldige sivile, seier generalsekretær i Flyktninghjelpen, Jan Egeland.

I dag lanserte Internal Displacement Monitoring Centre (IDMC) rapporten Global Overview 2015: People internally displaced by conflict and violence i Gèneve. IDMC vert drive av Flyktninghjelpen.

30 000 menneske flyktar kvar einaste dag

I tillegg til å presentere eit rekordhøgt tal på internt bortdrivne for tredje år på rad, dokumenterer rapporten at nye 11 millionar menneske vart drivne på flukt i eige land på grunn av vald i 2014.

– Dette er det verste vi har opplevd på ein generasjon. Dette er forferdelege tal, og viser at det førebyggande arbeidet har vore mislukka. Vi må tenke nytt, seier Egeland.

– Vi må få tryggingsrådet til å fungere som eit tryggingsråd, ikkje det omvende. Stormakter som Saudi-Arabia og Iran må byrje å samarbeide, i staden for å underminere kvarandre og lage krisar i kvarandre sin bakgard.

I mellomamerika er det narkotikakartell og menneskesmuglarar som er med på å sende menneske på flukt.

 Interne flyktninger i SAR

Interne flyktningar i Den sentralafrikanske republikk.

Foto: HANDOUT / UNITED NATIONS / Evan SCHNEIDER / AFP

Nesten halve Syria er på flukt

Talet på bortdrivne i rapporten frå 2013 var 33,3 millionar. På eitt år auka talet altså med 4,7 millionar, nesten like mange som bur i Noreg.

Syria toppar statistikken over landa som har flest interne flyktningar. Om lag 40 prosent av menneska som bur der, er på flukt i eige land.

Minst 3500 båtflyktningar har mista livet på veg til Europa det siste året, ifølgje FNs høgkommissær. Den italienske kystvakta ventar over 100 000 flyktningar i 2015. Ein stor del av flyktningane har opphav i konflikten i Syria.

– Dramaet i Middelhavet vil vekse

60 prosent av dei nye tilfella oppstod i fem land åleine: Sør-Sudan, Syria, DR Kongo og Nigeria, viser rapporten.

– Her burde ein konsentrert mykje meir diplomatisk og politisk arbeid rundt, slik at ein unngjekk at folk vart sendt på flukt av væpna menn som går laus på uskuldige sivile, seier Egeland.

Han meiner at dersom denne utviklinga held fram, vil også dramaet vi ser i Middelhavet berre verte verre og verre.

Terrororganisasjonane sender menneske på flukt

Terrororgasinasjonen Boko Haram sende fleire hundre tusenar på flukt i fjor.

Over 13.000 menneske er drepne, og minst 1 million er på flukt som følgje av Boko Haram sine herjingar sidan 2009.

Også terrororganisasjonen IS har sendt over ein million på intern flukt.

Les også: Flere kvinner reddet fra Boko Haram

– Det som skal til er betre diplomati, tryggingsarbeid, politisk arbeid, utviklingshjelp og humanitært arbeid. Dei regionale stormaktene må trekkje saman, seier Jan Egeland.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt