Hopp til innhold

Reklamebrak før supertysdag

Denne helga har Barack Obama og Hillary Clinton kjøpt reklameplass for 100 millionar kroner.

Amerikanske dollar
Foto: LEE JIN-MAN / AP

Amerikanske avisutgjevarar, websider og tv-stasjonar kan gni seg i hendene. Dollarane til presidentkandidatane rullar inn på kontoane deira.

Knuser gamle rekordar

100 millionar er soleklar rekord i eit amerikansk primærval. Reklamen er ein del av sluttspurten fram mot ”SuperTuesday”, skriv New York Times.

Fyrstkommande tysdag skal 22 delstatar avgjere kven som blir dei to hovudmotstandarane ved presidentvalet til hausten.

Både Barack Obama og Hillary Clinton prøver å framstille eigne positive karaktertrekk i ei rekke skreddarsydde reklamar og annonsar i ulike delar av landet.

Spreke valkontoar

Dei to demokratiske kandidatane pøsar ut pengar. Hillary Clinton hadde om lag 38 millionar dollar å reklamere for ved årsskiftet. Barac Obama hadde 18,6 millionar dollar.

Republikanarane har ikkje like mange pengar å bruke på reklamering.

Kandidatane som har gitt opp kampen, har ifylgje CQ Money Line enda opp med gjeld. Unnataket er Rudy Giuliani, som ved årsskiftet framleis hadde 12, 8 millionar dollar på valkontoen.

Ein god slump av reklamepengane blir nytta til internettannonsering. Web-bransjen ventar spent på kva avkastning kampanjane gjev.

SISTE NYTT

Siste nytt