Hopp til innhold

Reiss-Andersen fekk ikkje levere visumsøknad til Kina

Leiaren for Den norske Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen ønskjer å gå i gravferda til fredsprisvinnar Liu Xiaobo, men fekk ikkje søkje visum. Grunngjeving var at ho må ha ein invitasjon, noko som er vanskeleg når ho ikkje får kontakt med familien.

Reiss-Dersen søker visum til Kina
Foto: Roger Sevrin Brualnd / NRK

Fredag føremiddag reiste leiaren for Den norske Nobelkomiteen, Berit Reiss-Andersen til den kinesiske ambassaden i Oslo for å søkje visum.

Berit Reiss-Andersen

VENATR: Berit Reiss-Andersen håpar at kinesiske styresmakter vil la henne reise til Kina.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Torsdag døde nobelprisvinnaren Liu Xiaobo av kreft, etter å ha sete fengsla sidan 2009.

Reiss-Andersen vil gjerne reise til Kina for å delta i gravferda til Liu. Ho seier det er viktig for komiteen å markere dødsfallet.

– Liu Xiaobo er ein spesiell fredsprisvinnar, i og med at han sat i fangenskap då han vart tildelt Nobels fredspris. Han døde i det same fangenskapet, og det er ein svært spesiell situasjon, seier Reiss-Andersen.

Må ha invitasjon

Reiss-Andersen hadde alt fylt ut papira, og stod med søknaden i handa.

Beskjeden ho fekk frå den kinesiske ambassaden var at ho ikkje får levere frå seg søknaden slik den var.

Ho vart fortalt at for å få søkje visum, må enka eller andre i familien til Liu invitere henne til Kina. Men det er enklare sagt enn gjort.

– Dei held ho isolert, så eg får ikkje kommunisert med henne, seier Reiss-Andersen, når ho kjem ut frå ambassaden.

Skuffa

Men sjølv om ikkje ambassaden ville ta i mot søknaden hennar i dag, har ho ikkje gitt opp håpet om å få delta i gravferda.

– Eg trur det er mest hensiktsmessig å sende ein ny e-post til den kinesiske ambassadøren, eller til den kinesiske konsulen, og spørje om råd til korleis eg skal tilfredsstille dei kinesiske krava, seier Reiss-Andersen.

Ho legg likevel ikkje skjul på at ho er skuffa over at ho ikkje fekk levert frå seg søknaden.

– Eg hadde håpa at kinesiske styresmakter ville gripe denne sjansen til å gjere ein positiv gest, ved å tillate at ein representant for den komiteen som gav han fredsprisen får komme til Kina, og vise han den siste ære.

SISTE NYTT

Siste nytt