Thomas Cook, som eig turoperatørar som Ving, Spies og Tjæreborg, seier dei har kundar som er opptekne av dyrevelferd. Difor har dei bestemt seg for å kutte salet av billettar til familieparkane SeaWorld i Florida og Loro Parque på Tenerife, melder BBC.
Administrerande direktør i Thomas Cook, Peter Fankhauser, skriv på heimesidene til reiseselskapet at dette er ein konsekvens av nye retningslinjer.
– Frå og med neste sommar, vil vi ikkje selje billettar til dyreparkar som har spekkhoggarar i fangenskap.
Har kartlagt attraksjonar
Thomas Cook har det siste halvanna året kontrollert 49 dyreparkar for å sjå om dei oppfyller dei nye retningslinjene for dyrevelferd. Dei har brukt ekspertar på dyrevelferd for å kartlegge attraksjonane.
Reiseselskapet Thomas Cook er ein stor aktør som blant anna har eige flyselskap, hotell og reiseselskap, blant anna Ving. Etter at dei fekk nye etiske retningslinjer har dei kutta over 30 dyreparkar frå reiseprogrammet sitt.
Foto: PHIL NOBLE / REUTERS- Les:
I den første runden fekk 29 parkar stryk, og selskapet slutta å selje billettar til desse. No har dei hatt ein ny runde, der altså SeaWorld og Loro Parque blei kutta.
– Vi skal bruke det neste året til å avslutte samarbeidet med desse parkane. Samtidig som vi vil jobbe med å finne meir berekraftige alternativ, skriv Fankhauser.
Publikumssvikt for SeaWorld
Kritikken mot spekkhoggarar i fangenskap auka etter Netflix-dokumentaren «Blackfish», som kom i 2013. Filmen handla om spekkhoggaren Tilikum som var ein av attraksjonane til SeaWorld. I 2010 gjekk han til åtak på trenaren sin under eit oppvisingsshow.
Familieparken meinte filmen var spekulativ. Dei opplevde at det kom færre besøkande etter at filmen hadde hatt premiere.
- Les:
I samband med at Thomas Cook vil kutte parken frå sitt program, seier SeaWorld at dei har slutta å avle fram spekkhoggarar. Samtidig seier dei at dei dyra dei allereie har, kjem til å vere hos dei i mange år framover.
– Dei som har besøkt oss har fått sjå på nært hald kor godt vi tek vare på dyra våre, og sett korleis vi vernar om og reddar ville artar, seier parken i ei fråsegn til BBC.