Hopp til innhold

Regjeringspartiet har tapt valet

Regjeringspartiet ZANU-PF i Zimbabwe har mista fleirtalet i nasjonalforsamlinga. Det syner tal valkommisjonen no har offentleggjort.

Opposisjonsleder Morgan Tsvangirai under pressekonferanse om valget i Zimbabwe
Foto: ALEXANDER JOE / AFP

Tidlegare i dag hevda opposisjonen at dei hadde vunne både president- og parlamentsvalet.

No har det kome offisielle tal som syner at opposisjonspartiet MDC får minst halvparten av dei 210 plassene i nasjonalforsamlinga og at regjeringspartiet ZANU-PF får minst 93 representantar.

Det offisielle resultatet frå presidentvalet drøyer framleis.

Over 50 prosent

Utrekningane opposisjonspartiet MDC presenterte tidlegare i dag synte at opposisjonsleiar Morgan Tsvangirai fekk 50,3 prosent av røystene, medan sitjande president Robert Mugabe fekk 43,8 prosent.

Sjå video: Utroper seg selv til vinner

Ein talsmann for partiet til Robert Mugabe kalla desse resultata for "ønsketenking".

- President Mugabe går ingen stader. Vi har ikkje tenkt å la oss presse til noko som helst, uttalte informasjonsminister Bright Matonga til tvkanalen Sky.

Sein levering

Styresmaktene i Zimbabwe har fått krass kritikk for at dei har vore seine med å offentleggjere resultat frå valet.

Generalsekretær Tendai Biti i MDC meinte på ein pressekonferanse tidlegare i dag at resultata har drøyd fordi regjeringa omarbeider desse med sikte på ein andre valomgang om tre veker.

- Treng ingen andre omgang

Den statlege avisa Herald skreiv i dag at det må haldast ein ny runde i presidentvalet fordi ingen av kandidatane har fått meir enn 50 prosent av røystene.

Les: Trolig omvalg i Zimbabwe

Dette avviser opposisjonen.

- Tsvangirai har gått over 50 prosent og treng ikkje ein andre omgang for å verte valt, seier Biti.

SISTE NYTT

Siste nytt