Helseminister Sophie Løvde (V) seier dei vil invitere partia i det danske parlamentet til å diskutere den nye grensa. Det skriv Danmarks Radio.
No er regjeringspartia opne om å forhandle om den nye anbefalinga til det etiske rådet.
Etter 50 år med abortgrense ved 12. svangerskapsveke, kan danske kvinner no få rett til fri abort fram til 18. svangerskapsveke.
– Ei høgare grense vil gi kvinner meir tid og moglegheit til å vurdere abort, meiner leiaren i det etiske råd Leif Vestergaard, ifølgje Danmarks Radio.
Rådet føreslår også at 15-17 år gamle jenter skal kunne ta abort utan samtykke frå foreldra.
50 år sidan fri abort i Danmark
Det etiske rådet har sett på abortgrensa no fordi det er 50 år sidan fri abort blei innført i Danmark.
Det var eit fleirtal på ni av 17 medlemmar i rådet som stemte for heva abortgrense.
Fire av medlemmane ville ha grensa på 15 veker, medan dei fire siste i rådet ville ha same abortgrense som i dag.
Ingen i det etiske rådet har ønska å senke grensa frå 12 veker eller heve grensa til meir enn 18 veker, skriv DR.
Utan samtykke frå foreldre
Rådet er derimot samla når dei no anbefaler at 15-17 år gamle kvinner ikkje skal måtte få samtykke frå foreldra for å ta abort.
I rapporten meiner dei at tenåringane i denne aldersgruppa er fullt i stand til å kome med avgjersle sjølve.
– Unge kvinner i den alderen må kunne ta abort utan at foreldra må vere med på det, seier rådsleiar Leif Vestergaard til kanalen.
Det etiske rådet består av 17 personar som både er medisinke fagpersonar og andre som har vanlege bakgrunnar.
Opp til politikarane
Det blir no opp til politikarane i Folketinget å bestemme om det skal bli endringar i abortgrensa i Danmark.
Tre av partia vil behalde dagens abortgrense, fem parti vil heve grensa medan fire parti har venta på å kome med eit standpunkt til etter den uavhengige rapporten kom ut, skriv DR.