NRK Meny
Normal

No er det skjebnetime for Hellas

EU stiller no eit ultimatum overfor Hellas om å gjennomføre drastiske sparekutt, samtidig som opposisjonen i nasjonalforsamlinga i kveld skal stemme om å kaste regjeringa.

EU-GREECE/

Statsministeren i Hellas, Giorgos Papandreou, må anten gå i mot EU eller risikere å bli kasta av si eiga nasjonalforsamling.

Foto: THIERRY ROGE / Reuters

Statsminister Giorgos Papandreou i Hellas står overfør svært tøffe val.

EU pressar på for drastiske sparetiltak, medan nasjonalforsamlinga trugar med å felle regjeringa i protest mot utgiftskutta.

Kan bli felt i kveld

Gjeldskrisa i Europa har allereie felt to regjeringar. Irland kasta si regjering i februar i år som ein konsekvens av den økonomiske krisa, og statsministeren i Portugal måtte gå av i mars som følgje av eit mistillitsforslag.

No er det den greske regjeringa som kan stå for tur. Den sosialistiske regjeringa kan allereie i kveld bli utsett for eit mistillitsforslag som følgje av dei upopulære utgiftskutta. Men ifølgje analytikarar er dette lite truleg.

– Det er mest sannsynleg at regjeringa vinn tillitsvoteringa i nasjonalforsamlinga, og at sparepakken deretter blir vedteken i neste veke, seier analytikar Platon Monokroussos ved Eurobank til nyheitsbyrået AFP.

– Det er vanskeleg å sjå føre seg at eit fleirtal i nasjonalforsamlinga først gir regjeringa tillit, og at det så blir fleirtal mot reformpakken, seier Thomas Gerakas i meiningsmålingsinstituttet Marc.

Nasjonalforsamlinga i Aten skal etter planen stemme over saka ved midnatt natt til onsdag, etter fleire timar med debatt i nasjonalforsamlinga.

Har lite val

Papandreou si regjering, som har sitte med makta sidan 2005, har eit svært lite handlingsrom til å revurdere utgiftskutta. EU har nemleg gitt Hellas to veker til å vedta dei drastiske sparetiltaka for å at EU og IMF skal gå med på å redde långjevarane.

På eit finansministermøte i Luxembourg kom EU fram til ultimatumet om utgiftskutta.

– Godkjenninga i nasjonalforsamlinga er heilt avgjerande, seier leiar i eurogruppa, Jean-Claude Juncker, etter møta på måndag.

Venta store demonstrasjonar

I samband med den viktige avstemminga i kveld er det venta store demonstrasjonar utanfor nasjonalforsamlinga i Aten.

– Me vil ha ei løysing på gjeldskrisa utan meir lån frå EU og IMF. Programma deira råkar alle hardt, og over halvparten av gjelda er ulovleg. Den består v pengar som har gått til korrupsjon, og ikkje til Hellas, seier Giorgos Prentzas, som skal demonstrere i dag.

Han har delteke i protestmøta fleire dagar i veka sidan slutten av mai. Prentzas meiner at styresmaktene har gjort altfor lite for å stille korrupte politikarar og tenestemenn til ansvar.

– Me ønskjer ei systematisk kartlegging, og at alle vert stilt til ansvar og betalar tilbake pengane. Dette har haldt på i 40 år, seier han.

GREECE/

Det er venta store demonstrasjonar i kveld i samband med avstemminga i nasjonalforsamlinga.

Foto: YIORGOS KARAHALIS / Reuters

Vil ha nyval

Opposisjonspartiet Nea Demokratia vil ha eit nyval i Hellas, og ønskjer å endre å vilkåra for lånet frå EU og IMF.

Avstemminga i den greske nasjonalforsamlinga skal etter planen skje 28. juni.

Kutta som skal bli vedteke kjem i tillegg til tidlegare store nedskjeringar, som har ført til lågare løn og pensjonar. No er det snakk om å kutte 28 milliardar euro i løpet av fem år, samtidig som staten skal skaffe seg pengar ved å selje ut statleg verksemd.

Sender redningsteam til Aten

Troikaen, som er ein kommisjon beståande av EU, IMF og Den europeiske sentralbanken, skal i dag sende eit nytt team til Hellas for å diskutere strategiar for utgiftskutt, skatteauke og privatisering for dei neste fem åra.

Pengefondet varslar EU-landa om at eit auka samarbeid om den økonomiske politikken er nødvendig for å takle gjeldskrisa i eurosona.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt