Presidenten har godteke avskjedssøknaden, men samtidig har han bede regjeringa om å bli sitjande som forretningsministerium inntil ei ny regjering kjem på plass.
Det opplyser presidentens kontor.
Var venta at dei skulle trekkje seg
Azarov og fleire andre regjeringsmedlemar blei 28. oktober valde inn i nasjonalforsamlinga, og det var difor venta at dei kom til å trekkje seg frå verva i regjeringa.
LES:
Ifølgje valobservatørar frå Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) gjekk ikkje valet i Ukraina heilt etter boka.
Kritiserte valprosessen
Ifølgje OSSE var det prega av misbruk av statlege ressursar.
I tillegg blei pressa i landet kritisert for å vere partisk til fordel for Regionpartiet, som Viktor Janukovitsj er leiar for.
I tillegg til kritikken om partisk statleg pengebruk og presse, takk valobservatørane også fram at valet også blei negativt påverka av at opposisjonsleiar Julia Timosjenko er fengsla og difor ikkje kunne stille til val.
LES:
LES:
Ein siger utan særleg motstand var dermed sikra for partiet til Azarov.
– Dette valet er ei sterk tillitserklæring til presidentens politikk, sa statsminister Mykola Azarov etter valsigeren i oktober.
Janukovitsj har moglegheita til å utnemne regjeringsmedlemane på nytt. Azarov har vore statsminister i Ukraina i to og eit halvt år.
Ifølgje kommentatorar ar det mogleg at Janukovitsj no vil bytte han ut.