Hopp til innhold

Regjeringa i Syria går av

Regjeringa i Syria har gått av. Ei ny regjering vil bli danna i løpet av dei neste 24 timane, ifølgje ein syrisk tenestemann.

SYRIA/

Syrarar er samla rundt staden der ei statue av den avdøde presidenten Hafez al-Assad er blitt fjerna i den sørlege byen Deraa.

Foto: STR / Reuters

Den syriske regjeringa har levert oppseiinga si, og president Bashar al-Assad har akseptert den, melder statleg syrisk fjernsyn tysdag ettermiddag.

Ei ny regjering vil ta form innan eit døgn, sa ein anonym, syrisk tenestemann til nyheitsbyrået AFP tidlegare i dag.

Protestane veks

Syria er eitt av dei strengaste regima i Midtausten. Regjeringa har liten innverknad på politiske avgjerder i Syria, der makta er konsentrert i hendene til Assad, familien hans og militæret.

Inspirert av revolusjonane i Tunisia og Egypt, krev det syriske folket no meir fridom og at ein ny leiar tek over etter Assad, som har styrt landet sidan 2000.

Minst 130 er drepne i uroa. Mange regimemotstandarar sit fengsla, andre flyktar frå landet i frykt for eigne liv. Samstundes veks protestane i omfang og spreiing.

Dei langvarige valdelege opptøyane som har prega situasjonen i Syria den siste månaden, har sett eit sterkt press på sitjande president Bashar al-Assad.

– Blir slutt på unntakstilstand

I går varsla styresmaktene i Syria at dei vil gje etter for nokre av krava til demonstrantane.

Meldinga var at dei i løpet av dei neste dagane vil ta viktige avgjerder som skal «tilfredsstilla det syriske folket».

Styresmaktene har lova å oppheva den 48 år gamle unntakstilstanden, gje folket meir personleg fridom og stoppa vilkårlege arrestasjonar.

Assad klamrar seg fast

Unntakstilstanden, som har vore gjeldande sidan Baath-partiet tok makta i 1963, forbyr folk å halda møter og opnar for å fengsla folk på mistanke dersom ein trur dei trugar sikkerheita i landet.

Unntakslovane gjev også regimet full kontroll over nyhetsmedia i landet.

Regimekritikarar sår likevel tvil om dei varsla reformane vil verta fulgde i praksis, I tillegg vert demonstrantane sitt krav om at presidenten må gå, møtt med døve øyro.

Hyllar presidenten i Damaskus

Demonstrasjonane held tysdag fram i fleire syriske byar, blant anna i Daraa, som har vore sentrum for protestrørsla. Samstundes strøymer fleire tusen tilhengjarar av president Assad inn til sentrum av hovudstaden Damaskus.

Menn, kvinner og born viftar med syriske flagg og ber med seg bilete av presidenten og hans avdøde far Hafez al-Assad.

– Bashar al-Assad er Syria si ryggrad. Utan han kjem landet til å bli skove inn i kaos, seier regimetilhengaren Abu Khodr til AFP.

SISTE NYTT

Siste nytt