Hopp til innhold

Regjeringa i Sverige vil opne for meir kjernekraft

Den svenske regjeringa ønsker å endre lova slik at ein kan bygge ut meir kjernekraft fleire stader i landet. Opposisjonen meiner satsinga er pinleg.

Forsmark kjernekraftverk

I dag er Forsmark ein av tre stader med atomreaktorar i Sverige. Får regjeringa som dei vil, kan det komme fleire.

Foto: Fredrik Sandberg / SCANPIX / Kod 10180

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Kjernekraft står i dag for rundt 30 prosent av elektrisitetsproduksjonen i Sverige. Men dei siste tiåra har landet gradvis redusert aktiviteten til fordel for fornybar energi, som vindkraft.

Men den nye regjeringa i Sverige ønsker å reversere arbeidet, og starte ei storstilt utbygging av kjernekraft.

– Ein skal kunne bygge fleire reaktorar på fleire stader ein det ein har kunne gjere til no, sa statsminister Ulf Kristersson på ein pressekonferanse onsdag, ifølge SVT.

Han seier dei vil kome til den svenske riksdagen med eit lovforslag som skal gjere det mogeleg å bygge ut meir kjernekraft i Sverige. Dersom forslaget blir vedteke, kan lova tre i kraft i mars neste år.

Auka interesse for atomkraft

Energikrisa har gjort at fleire land vil satse tyngre på kjernekraft, anten ved å starte opp nedstengde anlegg eller bygge nye.

I dag kan Sverige ha inntil ti aktive reaktorar, og desse må byggast på ein av tre stader i landet. I dag er seks av reaktorane aktive.

Men dersom lova blir endra, vil det kunne komme fleire små reaktorar fleire stader i landet, ifølge Sveriges klima- og miljøminister Romina Pourmokhtari.

– Vi ser at andre land også bygger ut med små reaktorar, i staden for nokre få store. Vi ønsker ei lov som gjer det mogeleg å bygge ulike typar reaktorar, sa ho på pressekonferansen.

Romina Pourmokhtari

Sveriges klima- og miljøminister Romina Pourmokhtari.

Foto: CHRISTINE OLSSON / AFP

Små kjernekraftverk tek kortare tid å bygge, og kan forsyne opp mot 55.000 husstandar med straum. Men det vil likevel ta fleire år å bygge og få kraftverka i drift.

I tillegg til utbygging ønsker den svenske regjeringa også å starte opp att reaktorar som er stengde ned.

– Det er eit spørsmål regjeringa ser på, sa Pourmokhtari.

Svenskar meir positive til kjernekraft

Regjeringa i Sverige ser ut til å ha støtte for den nye politikken blant mange svenskar.

Ei meiningsmåling i desember viste at svenskane er blitt meir vennleg innstilt til kjernekraft. Under 10 prosent vil avvikle kjernekrafta heilt, viser målinga.

Les også «Akutt» strømsituasjon i Sverige kan sende norske priser til værs: – Kan bli ukontrollert høyt

FILE PHOTO: Sweden's Moderate Party leader Ulf Kristersson speaks, after being confirmed as new prime minister, in Stockholm

59 prosent seier dei kan tenke seg å halde fram med å bruke kjernekraft, og bygge nye reaktorar dersom det er behov for det. For fem år sidan var det berre rundt 30 prosent som meinte det same.

For eitt år sidan hadde dette stige til 45 prosent. Den største endringa er blant kvinner. Dei er framleis meir skeptiske til kjernekraft enn menn, men i langt mindre grad enn tidlegare.

Opposisjonen negative

Den svenske opposisjonen avviser forslaget om å mjuke opp regelverket slik at det kan byggast fleire kjernereaktorar i Sverige. Socialdemokraterna kallar forslaget for symbolpolitikk.

– Det er allereie mogeleg å bygge fleire reaktorar på stadane som er best eigna der infrastrukturen er på plass. Men sjølv om ein bygger der, vil det ta ti år før dei er i drift. Dersom regjeringa ønsker å få i gang ny elproduksjon, ligg det planar for havbasert vindkraft klare på bordet, seier Fredrik Olovsson til SVT.

Les også Kjernekraft kan bli redninga for cruisetrafikken

Hurtigruteskipet Otto Sverdrup ligg til kai i Ålesund. Vi ser baugen på skipet like over ei gangbru. I forgrunnen i biletet, ute av fokus, ser vi nokre julelys. På sidene av skipet er leilegheitsbygg, og bak ser vi snødekte fjell.

Også Miljöpartiet peikar på planane om vindkraft til havs som ei løysing. Partisekretær Katrin Wissing kallar satsinga på atomkraft flau.

– Det er pinleg at regjeringa legg fram eit slikt forslag for å vise seg som handlekraftige. Det hjelper ikkje husstandane her og no med straumrekninga.

Fryktar mindre satsing på fornybar energi

I Sverige har kjernekraft vore ein del av energimiksen. Men dei har også hatt ei stor satsing på vindkraft og planar for havvind. Leiar for Naturvernforbundet i Noreg, Truls Gulowsen, fryktar konsekvensane av den nye svenske satsinga på kjernekraft.

– Det er ein stor fare for at det vil gå store ressursar til dette, og at det vil føre til ein brems og redusert interesse for fornybar energi og naudsynt energisparing, både i Sverige og resten av regionen.

Truls Gulowsen fra Naturvernforbundet er på befaring i vindkraftanlegget på Storheia, Fosen i Trøndelag. I bakgrunnen skimtes flere vindmøller

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen.

Foto: Ingrid Lindgaard Stranden

Han viser blant anna til erfaringane frå då Finland bestemte seg for å bygge nytt atomkraftverk.

– Det førte til ein kraftig reduksjon i satsinga på fornybar energi i Finland etter at vedtaket var gjort. Det førte igjen til at ein står med eit lågare energioverskot enn ein elles ville hatt i landet, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt