NRK Meny
Normal

Regjeringa i Libanon braut saman

Regjeringa i Libanon har brote saman etter at Hizbollah og deira allierte har trekt seg frå regjeringa.

Hizbollah trekkjer seg frå regjeringa i Libanon

Energiminister Gebran Bassil (midten) opplyser at han går av saman med helseminster Mohammad Khalifeh (høgre) og landbruksminister Hussein Haj Hassan (venstre) og sju andre ministrar.

Foto: SHARIF KARIM / Reuters

Statsminister i Libanon Saad Hariri

Regjeringa til statsminister i Libanon Saad Hariri held på å slå sprekker.

Foto: BEHROUZ MEHRI / Afp

Rafik Hariri

Tidlegare statsminister Rafik Hariri.

Foto: WAEL HAMZEH / EPA

Til saman elleve ministrar har trekt seg, etter at også Adnan Sayyed Hussein trekte seg onsdag ettermiddag, melder nyheitsbyrået Reuters.

Tidlegare i dag trekte ti ministrar seg, og dermed mangla berre ein minister av dei til saman 30 som er i regjeringa, før heile regjeringa skulle kollapse.

Dei avtroppande regjeringsmedlemmene har bede president Michel Suleiman om å danne ny regjering.

Tiltale for drap

Bakgrunnen for krisa er striden om ein FN-støtta domstol som granskar drapet på tidlegare statsminister Rafik Hariri , faren til noverande statsminister Saad Hariri.

Rafik Hariri og 22 andre vart drepne 14. februar 2005, av ei bombe på 1,7 tonn som var plassert i ein lastebil i Beirut.

Fleire media melder at domstolen har planar om å tiltale fleire Hizbollah-medlemmer.

Hizbollah skuldar på Israel

Generalsekretær i Hizbollah, Hassan Nasrallah, har gjort det klart at han ikkje vil akseptere at nokon i partiet hans blir sikta.

Han har hevda at Hizbollah kan bevise at det var Israel som stod bak drapet. Ein spion som arbeidde for Israel, skal i tillegg ha informert Rafik Hariri om at Hizbollah planla å drepe han, ifølgje Nasrallah.

Dette skulle vere ledd i ein plan for å leggje skulda på dei libanesiske sjiamuslimane, som er allierte med Syria og Iran.

Hizbollah har nekta å gi frå seg dette bevismaterialet til FN-domstolen, som dei meiner manglar truverde.

Hariri i møte med Obama

Saad Hariri møtte USA-president Barack Obama då regjeringskrisa var eit faktum.

Foto: JIM WATSON / Afp

– Planlagt aksjon

Hizbollah nektar å ha noko med drapet å gjere. Dei har fordømd domstolen, og har kravd at Saad Hariri må forkaste funna som er gjorde.

Ein av støttespelarane til Hariri meiner Hizbollah har planlagt tidspunktet nøye.

Hariri møtte USA-president Barack Obama i Det kvite hus då regjeringskrisa i Libanon var eit faktum.

– Dei ønskjer at Hariri skal gå inn i møtet med den amerikanske presidenten som tidlegare statsminister eller som leiaren for eit forretningsimperium, seier støttespelaren.

Lammar Libanon

Striden mellom Hariri og Hizbollah har lamma regjeringa i fleire månader. Den siste tida har det vore bekymringar om at valden og uroen i landet skal blomstre opp på ny.

Det kan ta lang tid før ei eventuell ny regjering er på plass. Statsvitar Hilal Khashan ser ikkje føre seg at Hizbollah skal ta over delar av Beirut, slik dei gjorde i mai 2008.

Økonomien i Libanan blir ikkje spesielt råka av det som skjer. Bank-, eigedoms- og turistnæringa opplev god vekst trass i den politiske uroen.

Video Drapet på Hariri

Drapet på Rafik Hariri rysta heile Midtausten. Sjå reportasjen frå Urix 17. februar 2005.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt