– Vi meiner at sanksjonar og trugslar ikkje kan stoppe oss på nokon måte.
Det sa den iranske presidenten då han annonserte den nye handelsavtalen med Indonesia, kor målet er å auke handelen mellom dei to landa frå 250 millionar dollar, til 20 milliardar dolllar.
Dette er ein av fleire avtaler Iran har gjort det siste året for å omgå sanksjonane frå vestlege land:
I tillegg har Saudi-Arabia og Iran blitt einige om å ta opp att diplomatiske forbindelsar. Dei har på grunn av geopolitiske og religiøse konfliktar vore rivalar i fleire tiår. Men no har dei altså snudd.
Eit desperat regime
Mahmood Reza Amiry-Moghaddam, leiar i Iran Human Rights, er klar på kvifor:
– Dei er desperate. Regimet gjer kva som helst for å forlenge sin eksistens. Saudi-Arabia var den største fienden. Viss det gir Iran meir pengar å ta opp att forbindelsen med dei, så gjer dei det.
Kvinner verda over har klipt håret sitt i protest etter at Mahsa Amini (22) blei arrestert av moralpolitiet i Iran, og seinare døydde i varetekt.
Foto: AFPForsoning mellom landa har vore viktig for nedtrapping av konfliktar i Midtausten. Dei to landa har stått på kvar si side i krigen i Jemen, Syria og Irak.
Iran står nemleg i ei stor økonomisk krise, og har fått kraftige økonomiske sanksjonar på seg av Vesten. Bakgrunnen er at regimet har brukt dødsstraff som svar på opprøret som braut ut i fjor, etter at Mahsa Amini døydde i moralpolitiet sin varetekt.
Syrias president Bashar al-Assad og den iranske presidenten Ebrahim Raisi signerte ein avtale i Syria i starten av mai.
Foto: AP209 menneske har blitt avretta så langt i år, viser ein rapport frå FN.
Dette, i tillegg til at Iran skal ha levert dronar til Russland, førte til at EU har sanksjonert 216 menneske og 37 verksemder tilknytt regimet i Iran.
Også Ukrainas president Zelenskyj har uttalt at dei ønsker å sanksjonere Iran i 50 år framover.
Fleire lukrative avtaler
Etter dei siste sanksjonane frå Vesten har Iran inngått fleire avtaler som potensielt kan styrke posisjonen deira internasjonalt.
– Jo fleire, betre og djupare forbindelsar Iran får, jo betre er det for regimet, seier Kjetil Selvik, forskar i Nupi.
Irans president Ebrahim Raisi og Indonesias president Joko Widodo signerte ein handelsavtale i Indonesia 23. mai.
Foto: APSelvik meiner at alt som svekker regimet, er ein fordel for demonstrantane. Men han er usikker på kor berekraftig sanksjonar er:
– I realismens namn, er det nok avgrensa kva ein får til. Hjelper det kampen for demokrati at levestandarden i eit land fell? Ei generell svekking av middelklassen er ikkje ei oppskrift på demokratisering, seier Selvik.
– Det folket i Iran ønsker, finst i våre verdiar
Grunnen til at folk lid, meiner Amiry-Moghaddam er mykje på grunn av sanksjonane, og at dette ofte blir gløymt i debatten.
– Dei på toppen har pengar uansett.
I tillegg til sanksjonar, synest Amiry-Moghaddam at Noreg kan vere langt meir proaktiv i å forsvare menneskerettar. Han saknar ein sterk reaksjon:
– Vi må anerkjenne kva det iranske folket krev. Alt det folket i Iran ønsker, finst i våre verdiar.
Krig i Ukraina og ein meir samla aust
John Kirby, pressetalsmann for USAs forsvarsdepartement, er uroa for at Iran og Russland trappar opp forsvarssamarbeidet sitt.
Kirby hevdar at Iran har forsynt Russland med over 400 angrepsdronar, og fryktar det kan bli brukt i krigen i Ukraina.
USA har sanksjonert Iran i fleire rundar sidan 1979. Biletet er frå Tehran.
Foto: AFPIran er klar på at landet ikkje gir Russland våpen til bruk i Ukraina.
Selvik peiker på aust-vest-spenningane som fordelaktig for Iran.
– At Russland var med på FN-sanksjonane mot Iran, er utenkeleg i dag. I dag prøver Russland å hjelpe Iran med å omgå sanksjonane, seier Selvik.
Selvik viser til at verda har blitt meir svart-kvit det siste året: aust mot vest. Det har vore ei auka spenning.
– Viss Iran får betra den økonomiske situasjonen og internasjonale relasjonar, kan det gjere det vanskelegare å gjere opprør, seier Selvik.
Fleire tusen reiste til heimbyen til Mahsa Amini, for å heidre ho 40 dagar etter at ho døydde.
Foto: AFPSelvik trur at når noverande leiar Ali Khamenei døyr, vil landet stå ved eit kritisk punkt:
– Opprøret har tært på regimet. Det blir spennande å sjå om regimet får enda ein ny sterk leiar.
Khameini er 84 år gamal.
Amiry-Moghaddam trur ikkje regimet vil vare evig. Han trur iranarar vil få eit vanleg liv ein gong, sidan styret ikkje har ideologisk fotfeste i folket lenger:
– Før var middelklassen imot regimet. No er også dei fattige imot. Den største trusselen mot regimet er ikkje økonomisk krise, men kampviljen i folket.