NRK Meny
Normal

No kan fleire få to born - ustraffa

Fleire kinesiske par kan heretter få to born utan å risikera bøter eller tvangsabort. Styresmaktene reformerte laurdag eittbarnspolitikken i landet.

Eittbarnspolitikk i Kina

Kina lempar på eittbarnspolitikken sin og gir 15-20 millionar fleire kinesiske foreldre lov til å få to born.

Foto: RITA QIAN / Afp

Endringane blei vedteke av leiinga i det kinesiske kommunistpartiet i november i år. Laurdag blei reforma godkjend av den ståande komiteen til Folkekongressen, opplyser det statlege nyheitsbyrået Xinhua.

Godkjenninga medfører at par på lovleg vis kan få to born dersom minst éin av foreldra er einebarn. Dei som bryt lova risikerer saftige bøter.

Største reforma på tre tiår

Shanghai, Kina

Eittbarnspolitikken i Kina har dempa folkeveksten i verdas mest folkerike land. Lova har også ei mørk side: drap på jentespedbarn og tvangsabortar.

Foto: PETER PARKS / Afp

Tidlegare har kravet vore at begge foreldra må vera einebarn. Andre som blir unnateke lova er bønder som får ei jente som fyrstefødde og etniske minoritetsgrupper.

Slakken vil gagna mellom 15 og 20 millionar kinesiske foreldre, viser utrekningar gjort av demografiekspertar og lovgjevarar. Dette er den største reforma av eittbarnspolitikken i Kina etter at landet innførde den i 1979.

Ifølgje BBC er dette eit grep for å dempa eldrebølgja som er i ferd med å slå inn over Kina. Med dagens folkevekst vil ein fjerdedel av kinesarane ha passert 65 år innan 2050. Ein krympande arbeidsstokk er dårleg nytt for styresmaktene som satsar hardt på å blåsa nytt liv i det økonomiske eventyret dei har gjennomlevd dei siste tiåra.

Reforma av eittbarnspolitikken vil føra til ein gradvis auke i talet på barnefødslar, med 1-2 millionar i året i løpet av dei første åra, ifølgje estimat. Auken kjem i tillegg til dei 16 milllionar babyane som årleg ser dagens lys i Kina.

Slutt på arbeidsleir-straff utan dom

Kina er framleis det mest folkerike landet i verda, med 1,35 milliardar innbyggjarar. Eittbarnspolitikken har likevel ført til at føderaten i Kina har gått ned til cirka 1,5 born per kvinne frå over to - som er minimumet for å oppretthalda storleiken på folkesetnaden.

Kina ser på den restriktive politikken som ein suksess, fordi den gallopperande folkekveksten har spakna medan økonomien har byksa framover.

Kritikarar meiner derimot at eittbarnspolitikken er eit brot på menneskerettane og at den har ført til abort-tvang, drap på jentespedbarn og underrapportering av jentefødslar.

I tillegg til å mjuka opp familiepolitikken, vedtok leiinga i Kina laurdag å avskaffa systemet som har gjort det mogleg å senda folk til arbeidsleirar utan rettssak.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt