NRK Meny
Normal

Redningsarbeidarar skadde ved grotta i Thailand

THAM LUANG-GROTTEN (NRK): Fire redningsarbeidarar er skadde i ei ulukke ved Tham Luang-grotta i Thailand. Dei jobba med å bore hol ned i grotta for å redde ut fotballaget.

Like før klokka 15.00 norsk tid køyrde ein ambulanse med ein alvorleg skadd person i full fart mot sjukehuset. Personen pusta, men skal ha vore medvitslaus då han vart henta opp.

Han er ein av fire redningsarbeidarar som har falle ned ved Tham Luang-grotta. Ein thailandsk reporter opplyser til NRK at andre personane er lettare skadde.

Arbeidarane søkte i fjellsida etter stadar dei kunne bore hol ned i grotta, for å kome ned til fotballaget som sit innesperra.

Thailandske journalistar seier til NRK at ulukka skjedde då bilen dei sat i køyrde utfor den smale vegen på fjellet over grotta.

Fjell Thailand

Redningsarbeidarane jobba med å bore hol i fjellet, i håp om å treffe staden der gutane sit innesperra.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRK

Alternativ utgang

Laurdag vart det bora over 100 hol ned i fjellet, i håp om at dei skal klare å hente gutane ut denne vegen. Så langt har ingen av desse treft området der gutane er innesperra.

Fotballaget er mellom 800 meter og éin kilometer under bakken, på eit svært avgrensa område, og det gjer boring av ein tunnel svært komplisert.

– Nokre av hola er så djupe som 400 meter, men vi har ikkje klart å finne staden der gutane er. Vi manglar teknologien til å finne den nøyaktige posisjonen deira, men vi reknar med at dei er om lag 600 meter ned, seier Osotthanakorn.

Kvart hol som vert bora ned i fjellet, vert merka av på eit kart hos kommandosentralen. I tillegg brukar dei fargekodar for å vise kva stadar dei meiner er mest lovande å bore.

Kart

Grøne flagg viser stadane der det er mest lovande å bore, medan raude flagg betyr at hola truleg ikkje kjem til å føre ned til der gutane sit.

Foto: Roger Sevrin Bruland / NRk

Tilby hjelp

Det norske utanriksdepartementet har tilbode thailandske styresmakter bistand til redningsaksjonen.

Thailandske styresmakter har svart at dei ikkje har behov for meir bistand slik situasjonen er no.

Frivillige frå heile verda har dei siste dagane reist til Thailand og Tham Luang-grotta der, for å hjelpe til med redningsarbeidet.

Her vert den fjerde redningsarbeidaren frakta bort i ambulanse.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt