Hopp til innhold

– I dag er det D-dag. Vi har aldri vore meir klare enn no

THAM LUANG-GROTTEN (NRK): 18 dykkarar har teke seg inn i grotta, med mål om å hente ut dei tolv gutane og fotballtrenaren deira. Samtidig har det vore kraftig regnvêr, noko som kan gjere redningsaksjonen meir krevjande.

Narongsak Osottanakorn

Redningsleiar Narongsak Osottanakorn seier at det kan ta fleire dagar før alle er ute.

Foto: Reuters

Fotballaget kjem til å bli delt inn i fire grupper når dei vert redda ut, melder Bangkok Post, som siterer ei kjelde blant redningsmannskapet.

Den første gruppa kjem til å vere på fire personar, medan den andre, tredje og fjerde gruppa kjem til å ha tre personar, ifølgje avisa. Den 25-år gamle trenaren, Ekkapol Chantawong, kjem truleg til å vere i den siste gruppa som blir redda ut.

Redningsaksjonen starta rundt klokka 05 i natt norsk tid, og det var optimisme då redningsleiaren informerte om dette på ein pressekonferanse.

– I dag er det D-dag. Vi har ikkje vore meir klare enn i dag, sa provinsguvernør Narongsak Osottanakorn.

Den yngste først

Ifølgje redningsleiaren har dei klart å pumpe ut meir vatn, slik at det blir lettare å ta seg ut av grotta.

– Det er no mogleg for dykkarane å kome seg til det tredje kammeret til fots. Det er ikkje tørt, men vatnet har ikkje vore lågare enn no, sa Narongsak.

Han forklarte at gutane kjem til å bli henta ut éin og éin, og at heile redningsaksjonen kan ta to til tre dagar.

Den første som vert henta ut er den yngste guten på 11 år, fordi han er i best form.

Turen inn og ut tar cirka elleve timar for ein erfaren dykkar. Dermed kan den første av gutane vere ute av grotta allereie søndag ettermiddag.

Pårørende

Familiane til gutane begynner å samle seg utanfor inngangen til grotta for å vente på at gutane skal bli henta ut.

Foto: Tyrone Siu / Reuters

Regn og storm kan skape trøbbel

Redningsaksjonen er avhengig av at vêret held seg, og at vassnivåa ikkje stig.

– Dersom noko endrar seg, kjem vi til å stoppe. Men eg forventar at redningsaksjonen blir ferdig innan dei neste dagane, sa Narongsak.

Seks timar etter at redningsaksjonen starta, kom det varsla regnvêret. Det betyr at redningsmannskapet må handle raskt. Dersom regnet renn ned i grotta, kan dei på nytt måtte begynne å pumpe ut meir vatn.

På spørsmål frå pressa om gutane må dykke på veg ut, ville ikkje Norangsak svare. Han seier det vil vere mogleg å gå mesteparten av vegen.

– Sjølv om det er nokre krevjande delar av ruta der ein må krype, kan vi seie at det går an å gå ut, sa Norangsak.

– Gutane er klare

Det er 13 internasjonale dykkarar og fem frå Thai Navy Seals som skal hente ut gutane. Narongsak omtalar dei utanlandske dykkarane som «all stars», og at Thailands beste dykkarar er valde ut til å bidra.

Helsepersonell har trent i tre dagar og er klare til å ta imot gutane så snart dei kjem ut av grotta. 13 ambulansar og eit helikopter står klare.

– Gutane er bestemte og motiverte. Dei er fysisk, emosjonelt og mentalt klare til å kome ut, sa Narongsak.

– Jeg er i god form, sier de en etter en.

Fjerna pressen

Pressefolk fekk i natt beskjed om å flytte seg frå inngangen til grotta. Helsepersonell og dykkarar kom til grotta, og desse treng meir armslag. Meir enn 1000 pressefolk har vore i området dei siste dagane.

– Alle som ikkje er involverte i redningsarbeidet, må kome seg vekk frå området med det same, sa politiet over høgtalaranlegget ved det gjørmete området ved gruveinngangen, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

– Etter ei vurdering av situasjonen treng vi området for å hjelpe ofra, sa politiet.

SISTE NYTT

Siste nytt