NRK Meny
Normal

– Væpna angrep må straffeforfølgjast

Rederiforbundet meiner EU NAVFOR si avgjersle om å setje fri dei sju somaliske piratene som tysdag angreip eit norskeigd skip, er uakseptabel.

Piratene i som forsøkte å angripe det norske tankskipet Bow

Piratane som forsøkte å angripe det norske tankskipet Bow Saga i Adenbukta utanfor Somalia tysdag, overgjev seg til spanske marinesoldatar.

Foto: Hand-out / EU Navfor / Scanpix

– Me beklagar på det sterkaste at dei sju piratane som gjekk til åtak på skipet Bow Saga no er sleppte fri, seier administrerande direktør i Norges Rederiforbund, Sturla Henriksen i ei pressemelding torsdag.

– Det er eit svært negativt signal å sende ut at ein heilt kostnadsfritt kan angripe eit lite stykke Noreg utanfor kysten til Somalia, legg Henriksen til.

Piratar sendt heim

I går beslutta EU NAVFOR å sende dei sju piratane som angreip norskeigde Bow Saga heim til Somalia utan rettsleg forfølging.

Talsmann for EU NAVFOR, Per Klingvall i fortel at dei var nødde til å sleppe fri piratane fordi dei ikkje hadde klart å finne ein eigna stad for utsending og rettsleg forfølging innan tidsfristen dei hadde fått av spanske styresmakter.

– Skal avskrekke

Rederiforbundet seier dei er letta over at EU-styrken i samband med mannskap og rederi greidde å hindre åtaket på Bow Saga, men meiner det må rettast sanksjonar mot dei skuldige bak åtaket.

– Det militære nærveret utanfor Afrikas Horn skal forhindra, avskrekke og førebyggje kapringar. Ved å la piratane gå, vert arbeidet med å førebyggje og avskrekke nye piratangrep undergrave, seier Henriksen.

Vil ha regionalt rettssystem

Norges Rederiforbund meiner også at det er naudsynt å etablere eit effektivt, regionalt rettssystem som kan straffeforfølgje dei piratane som blir tekne.

Ifølgje Henriksen har forbundet teke opp dette temaet med norske styresmakter mange gonger. Han meiner det som har skjedd denne veka viser at gode løysingar på dette området framleis er fråverande.

– Noreg har ansvar

Rederiforbundet har i dag bede om møter med den politiske leiinga i Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet for å diskutere korleis Noreg raskt kan kome med ytterlegare initiativ for å løyse det dei ser på som ein førebels uakseptabel situasjon.

– Som ein leiande skipsfartsnasjon har Noreg både særleg interesse og eit betydeleg ansvar for å bidra til å etablere ein rettsorden i desse farvatna, uttaler Henriksen i dagens pressemelding.



Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt