NRK Meny
Normal

Reddet frå gisseldrama i Sydney

Ein mann med ei påstått bombe stengde seg inne i ein rettsbygning i Sydney – saman med si 11 år gammal dotter. Fyrst etter 12 timar vart dottera satt fri av politiet.

Video Gisselsituasjon i Australia

Det er førebels inga løysing på gisseldramaet som speler seg ut i Sydney i Australia.

Det er australsk media som rapporterer om gisselsituasjonen i ei rettsbygning i den vestlege delen av Sydney i Australia.

Gisseltakaren skal ha gått inn i bygningen med ei 11 år gammal jente, medan han hadde på seg ein advokatparykk. Han har sagt at han har med seg ei bombe i ein ryggsekk.

AUSTRALIA-HOSTAGE/ A man, believed to have strapped what appeared to be a bomb to himself, gestures after smashing a window next to the Parramatta court building near Sydney

Gisseltakaren viser tommelen opp til folkemengda utanfor etter at han knuste eit vindauge.

Foto: DANIEL MUNOZ / Reuters

Sa han hadde ei bombe

Det er ikkje bevist at mannen faktisk hadde ei bombe med seg. Dette er førebels berre påstandar frå mannen som er i 50-åra.

– Han fortalde oss at han har ein gjenstand i bagen. Det i seg sjølv er ein sterk bekymring for oss, seier Clifford.

Mannen knuste ei glasrute i bygningen ved hjelp av ein telefon. Ifølgje The Daily Telegraph ropte mannen «eg bryr meg ikkje om eg døyr» ut av vindauget. Det knuste vindauget skal ikkje ha vore ein valdeleg handling, men eit resultat av at det manglar air-condition i rommet gisseltakaren var i.

Fri etter 12 timar

Politiet forsøkte fyrst å forhandle med mannen, men forhandlingane braut saman.

Då det hadde gått nesten eit halvt døgn, gjekk politiet til aksjon og pågrep mannen.

Jenta skal etter forholda ha det bra. Ho er ikkje fysisk skadd. Faren kom ikkje med konkrete truslar mot ho.

Australia Hostage

Politiet har vore i kontakt med gisseltakaren, og forhandlar om krava han har lagt fram.

Foto: Rick Rycroft / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt