NRK Meny
Normal

Her blir dei redda ut etter sju dagar under jorda

Etter å ha vore innesperra i ei overfløymd gruve i ei veke, er 25 av dei 26 kinesiske gruvearbeidarane redda ut i live.

Video Innesperra gruvearbeidarar henta ut i Kina

Etter å ha vore fanga under jorda i ei veke, kom redninga for dei innesperra gruvearbeidarane i Heilongijang-provinsen i Kina.

Med andleta svarte av kolstøv vart tre av arbeidarane redda ut laurdag, medan 22 andre blei sitjande i mørkret i nøyaktig ei veke før dei i går blei henta opp til overflata att.

Éin person omkom i gruva, opplyser Xinhua, det statlege nyheitsbyrået i Kina.

Bind for augo

Dei 26 arbeidarane blei innesperra i den ulovlege kolgruva i den nordaustlege Heilongijang-provinsen den 23. august. Store vassmengder fossa inn i gruva då arbeidarane grov seg inn til ei nærliggjande, overfløymd sjakt.

Den statlege fjensynskanalen CCTV viser dei slitne mennene som blir frakta ut sakte men sikkert med tildekte auge for å skåna dei mot det sterke dagslyset.

Ifølgje BBC skal alle dei overlevande vera ved rimeleg god helse.

CHINA/ A survivor is carried out of a flooded pit

Ein av dei 25 gruvearbeidarane som kom frå ulukka med livet i behald, blir boren ut av sjakta med bandasje for augo.

Foto: CHINA DAILY / Reuters

Gav livsteikn gjennom 300 m langt røyr

Ein storstilt redningsoperasjon blei seten i gang for å redda arbeidarane, men håpet svann litt etter litt då dei ulukkesråka arbeidarane ikkje gav livsteikn frå seg.

Men søndag fekk redningsmannskapet nytt håp då dei høyrde lydar 280 meter under bakken gjennom eit røyr som dei hadde ført ned i gruvesjakta via eit borehol for å sleppa inn oksygen.

Redningsarbeidet har vore krevjande på grunn av dei enorme vassmengdene som gjorde det umogleg å ta seg raskt inn i gruva. 190 redningsarbeidarar var i sving og vatnet blei etterkvart fjerna ved hjelp av store pumper.

Tusenar døyr i kinesiske gruver

Selskapet som driftar den ulukkesråka kolgruva fekk ordre om å stengja ned i 2007, men produksjonen heldt fram ulovleg.

Kina er ein av dei største kolprodusentane i verda. Landet toppar også dødsstatistikken for gruveindustrien. Det offisielle talet på døde var i fjor 2.433.

Seinast i juli vart 70 gruvearbeidarar innesperra i fleire gruver i den austlege Shandong-provinsen etter brannar og flaum. Fleire mista livet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt