– Det er ufatteleg å tenkje på kva som kunne ha vore, seier Jade Steele.
Saman med mora Elaine har ho kome til St Peter's Square for å leggje ned blomar og vise respekt for dei som vart drepne i åtaket på måndag.
Dei var sjølve på konserten. Dei var nær ved å gå ut i foajeen, men ombestemte seg. Jade ville kjøpe eit minne frå konserten, og dei to gjekk mot kiosken der dei selde konserteffektar.
I det dei kom til kiosken gjekk bomba av.
– Det var som eit jordskjelv, heile bygninga rista. Vi snudde oss, såg flammane og kjende at det lukta brent, forklarar Elaine.
– Eg hugsar skrika. Og ei dame som var dekt av blod i ansiktet og i håret. Eg trudde eg kom til å bli skoten, eg trudde eg skulle døy, seier Jade.
Mora tek eit godt tak i handa til dottera. Ho blir skjelven når ho tenkjer på kor nære dei var.
– Hadde vi ikkje gått til kiosken, hadde vi ikkje vore her i dag.
Høg beredskap
Både i Manchester og i resten av Storbritannia er trugselnivået på det høgste. Det betyr at styresmaktene fryktar at det kan kome eit nytt åtak om kort tid.
Landet har sett i verk ei kriseplan, og har plassert ut soldatar i gatene. Saman med store politistyrkar skal dei hindre at det skjer fleire åtak.
– Om vi må sjå væpna soldatar i gatene så er ikkje det noko problem, seier Elaine, som meiner Storbritannia har eit godt tryggingsnettverk, som gjer det dei kan for å sikre innbyggjarane.
Ei siste helsing
«Smil og syng til vi møtast igjen» skriv Jade på eit kvitt papirhjarte. Ho vil skrive til dei som mista livet under angrepet, men orda er vanskelege å finne.
Medan ho skriv er det mange som stoppar opp. Dei er gjerne på veg til eller frå jobb, men tar seg tid til å tenne eit lys. Dei tar seg tid til å tenkje og reflektere.