Hopp til innhold

Russisk TV-redaktør får 2500 kroner i bot for å oppfordra til demonstrering

Redaktør Marina Ovsjannikova braut seg inn i studio på ein av dei største TV-kanalane i Russland med plakaten «No war» - «Ingen krig». Så langt har ho fått ei bot på 30.000 rubler.

Her bryt ho inn i TV-sendinga.

Markeringa skjedde måndag kveld, midt under nyheitssendinga på Kanal 1, eller Pervyj kanal.

Dette er ein av dei tre store TV-stasjonane i Russland, med over 250 millionar sjåarar i over 190 land.

Under direktesendinga heldt ho opp ein plakat bak programleiaren, med beskjeden «ikkje tru på propagandaen» og «stopp krigen» i Ukraina.

No melder nyheitsbyrået Reuters at Ovsjannikova får ein bot på 30.000 rublar, som tilsvarar rundt 2500 norske kroner, dømt for å ha brote den russiske demonstrasjonslova.

Marina Ovsjannikova møter pressa. Rundt ho er det kamera og mikrofonar.

Tysdag kveld uttalte Marina Ovsjannikova seg for første gong etter arrestasjonen. – Eg tok denne avgjerda åleine fordi eg liker ikkje at Russland starta denne invasjonen.

Foto: AFP

Bota er straffa for å ha publisert ein video der ho mellom anna oppfordrar det russiske folk til å protestera mot krigen i Ukraina.

Retten lauslatar med det Ovsjannikova, melder nyheitsbyrået AFP. Det er usikkert om ho kan venta seg nye dommar knytt til den nye lova mot spreiing av "falsk informasjon", skriv BBC.

4. mars blei ei ny lov vedteken i Russland, som gjer det mogleg å straffe folk med 15 år i fengsel for å komme med «feil informasjon» om krigen i Ukraina.

I går skreiv det statlege russiske nyheitsbyrået TASS at russisk politi vil undersøka om Ovsjannikova har brutt denne lova.

Bak nyheitsankaren har kvinna med plakaten blitt sladda, slik at det ikkje er mogleg å lesa kva som står.

SENSURERT: Omtalar i russisk media er blitt sladda.

Foto: Skjermdump

– Eg er ikkje skyldig

Måndag kveld forsøkte fleire advokatar og menneskerettsorganisasjonar prøvd å få tak i ho utan hell.

Tysdag var Ovsjannikova i retten i Moskva.

Etter retten var heva uttalte ho seg for første gong etter varetektsfengslinga. Ovsjannikova seier at ho ikkje har sove på to døgn, og at ho blei avhøyrt av politiet i 14 timer utan advokat.

Ho var sikta for å ha organisert eit offentleg arrangement utan godkjenning som kan bli straffa med bøter, samfunnsteneste eller fengsel i opp til ti dagar, skriv BBC.

Siktelsen er retta mot ein video ho publiserte på nett i forkant av markeringa på direktesendt TV måndag.

I retten sa Ovsjannikova "Eg er ikkje skyldig" for å ha gjennomført ein ulovleg demonstrasjon. Det melder nyheitsbyrået AFP.

Bilete frå Twitter med Anton Gashinsky og Marina Ovsjannikova i retten.

Advokat Anton Gashinsky og Marina Ovsjannikova, som no skal vera i retten.

Foto: Skjermdump Twitter

På meldingstenesta Telegram er det lagt ut eit bilete av Ovsjannikova saman med den kviterussiske menneskerettsadvokat Anton Gashinsky.

Det same skreiv journalisten Max Seddon i Financial Times i Moskva på Twitter.

Seddon skreiv at hendinga ikkje fell under den nye "fake news"-lova, og at den strengaste straffa ho kan få er ti dagar i fengsel. Det same meldte nyheitsbyrået AFP.

«Det er kriminelt»

Før Ovsjannikova braut inn i sendinga i går lasta ho opp ein video på nettet.

Her seier ho at «det som skjer i Ukraina er kriminelt». Ho legg skulda på Russland og særleg på president Vladimir Putin. Ho fortel at faren hennar er ukrainsk og mora russisk, og at landa aldri har vore fiendar.

Ho oppfordrar russarar til å protestere mot krigen, og seier at berre russarane kan greie å «stoppe galskapen».

Ovsjannikova seier at ho skammar seg over å vere med på å spreie propaganda frå Kreml.

Kanal 1, som omtalar den russiske invasjonen som ein «spesialoperasjon» for «å denazifisere» Ukraina, seier at dei skal undersøke hendinga.

I omtalen av saka i russiske medium er det ikkje mogleg å lese bodskapen på plakaten.

Marina Ovsjannikova på Twitter

Twitter-konto i Marina Ovsjannikova sitt namn.

På ein Twitter-konto i hennar namn, kunne ein tysdag formiddag lese at ho ikkje angra, og at ho var sett i husarrest. Seinare på formiddagen var ikkje kontoen tilgjengeleg meir. NRK omtalte tidlegare dette som Ovsjannikova sin Twitter-kontao. Men undersøkingar NRK har gjort, viser at den mest sannsynleg ikkje er ekte.

Takka av Zelenskyj

I ein tale natt til tysdag takka president Volodymyr Zelenskyj kvinna for at ho storma TV-studioet under sending.

– Eg takkar dei russarane som ikkje legg skjul på sanninga, dei som kjempar mot desinformasjon og som seier sanninga. Personleg vil eg takke kvinna som gjekk inn i studio på Kanal ein med ein plakat mot krigen.

Amund Trellevik

Amund Trellevik, leiar for Barents Press.

Foto: Kristina Kalinina / NRK

– Kokar under overflata

Amund Trellevik er leiar for Barents Press Norge, og har følgt russiske medium i mange år.

– Det krevst svært stort mot for å gjere noko slikt, seier han til NRK. No er Facebook-profilen hennar full av kommentarar som hyller det heltemotet ho har vist. Ho har tilsynelatande stor støtte blant russarar, men ho tar ein stor risiko, seier Trellevik.

– Kva har det å seie at dette skjer på ein statleg TV-kanal?

– Det at ein såpass profilert redaktør i eit av dei viktigaste mediehusa går ut på denne måten, har nok skapt stor uro i den russiske eliten, seier Trellevik.

Han tolkar storminga som eit teikn på at det kokar under overflata i det russiske samfunnet.

Les også Over 14.000 demonstranter arrestert i Russland

Protester i Moskva 13.03

Vanskeleg for journalistar

Trellevik seier at situasjonen for russiske journalistar er ekstremt alvorleg.

– I russiske medium finst det ikkje journalistikk om det som skjer i Ukraina. Dei som skriv om krigen, må gjennom militær sensur. Det er ikkje lov til å skrive at det er krig, at Ukraina er invadert. Dei som gjer det, blir blokkerte.

– Veit ikkje russarane om kva som eigentleg skjer?

– Jau, russarane er ikkje dumme. Dei forstår godt kva som skjer. Dei unge russarane som er ute på gatene bruker verktøy for å komme forbi sensuren. Det er nok derfor vi ser at såpass mange er ute på gatene og demonstrerer, seier Trellevik.

Slår hardt ned på demonstrantar

Russisk politi slår no hardt ned på demonstrantar i Russland.

Til no er nesten 15.000 personar blitt arresterte for å ha protestert mot den russiske invasjonen av Ukraina, ifølge organisasjonen OVD-info.

Ein video frå ei aktivistgruppe viser kor lite som skal til før folk blir arresterte.

Førre veke blei ei kvinne dømd til å betale ei bot på 30.000 rublar, rundt 2400 kroner, for å ha skrive «Nei til krig» i snøen ved foten av ein Lenin-statue i byen Krasnojarsk i Sibir.

Ho var blant dei første som blei dømde for brot på den nye lova.

I ein tidlegare versjon skreiv NRK at Ovsjannikova hadde fått 30.000 rubler i bot for heile aksjonen. Bota er knytta til ein video ho publiserte på nettet i forkant av demonstrasjonen på direktesendt TV. Det er venta at ho vil bli kalla inn igjen til ein ny rettsrunde der retten vil undersøka hendinga på direktesendinga på Kanal Ein måndag.