NRK Meny
Normal

Reagerer på turist-dusjar i Auschwitz

Israelske turistar er sjokkerte etter at det er sett opp dusjar for turistane ved inngangen til konsentrasjonsleiren i Polen. – Som eit slag i magen, seier ein av turistane.

Auschwitz

Jernbanesporet i Auschwitz-Birkenau førte rett inn til gasskammera i utryddingsleiren. Dette er no eit polsk museum, som kvar dag får besøk av mange turistar frå heile verda.

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

På grunn av sommarvarme i Polen er det sett opp ei rekkje med dusjar der dei besøkande kan kjøle seg ned. Det fører til harme blant fleire av turistane, skriv nettstaden Ynetnews.com.

Laster Twitter-innhold

Nazistane brukte noko som kunne likne dusjrom til å drepe millionar av jødiske fangar under andre verdskrig, ved å sleppe ned den dødelege gassen Zyklon B.

– Kva er verre enn å ta ein selfie i Auschwitz? Dette! Det skriv USA Today.

– Det minna meg om gasskammera

– Så snart eg gjekk av bussen kom eg rett inn i området der dusjane står, fortel turisten Meyer Bolka til ynetnews. – Eg var i sjokk. Det var eit slag i magen, fortel ho.

Bolka seier at ho deretter gjekk til resepsjonsområdet og spurte kvifor dusjane var plassert der.

– Ho sa det var ein varm dag. Eg sa, med all respekt så minner det meg om gasskammera. Kvinna i resepsjonen beklaga veldig, fortel Bolka.

Nazistane i Auschwitz tok livet av meir enn ein million jødar, sigøynarar og sovjetiske krigsfangar mellom 1942 og 1945. I år var det 70 år sidan frigjeringa av fangane i leiren.

Laster Twitter-innhold

Vil unngå at turistar svimer av

Mange av dei yngre besøkande i Auschwitz denne dagen brukte dusjane til å kjøle seg ned. Turisten Meyer Bolka trur ikkje at dei tenkjer over den historiske samanhengen. Ho meiner at ein bør finne andre måtar å kjøle ned dei besøkande på.

– Eg trur at stader som dette må tenke over assosiasjonane slike ting kan føre til. Det var ikkje hyggeleg å sjå desse sprinklane, det gav meg deja vu, seier ho.

Museet skriv i eit innlegg på Facebook at dei sette opp sprinklaranlegget fordi det ikkje er lett å finne skugge i sommarvarmen utanfor museet.

– Vi må unngå at dei besøkande svimer av på grunn av dei veldig høge temperaturane. Dessutan såg ikkje dusjane i gasskammera ut som dei vi har sett opp, Zyklon B vart sleppt inn i kammera blant anna ved hjelp av hol i taket, skriv dei.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt