I ei pressemelding opplyser organisasjonen at det i juni var ei 20 prosent auke i talet på drukningar i Middelhavet samanlikna med juni i fjor.
Raude Kross trur varmare vêr og koronapandemien kan ligge bak auka. Dei fryktar òg at den aukande økonomiske og humanitære krisa pandemien fører med seg kan føre til at talet på menneske som prøvar å ta seg til Europa over Middelhavet vil fortsette å auke.
Generalsekretær for Raude Kross i Noreg, Bernt G. Apeland, peikar på at migrantane manglar tilgang til grunnleggande helsetilbod og hygienefasilitetar.
– Dei er ofte for redde til å søke hjelp viss dei blir sjuke, og det er nærast umogleg for dei å halde avstand til andre i dei overfylte flyktningleirane. Det er medverkande årsaker til at mange tek valet og forsøker å krysse Middelhavet, seier han i pressemeldinga.
– Felles ansvar
No oppfordrar Apeland norske styresmakter til å spele ei meir aktiv rolle. Mellom anna ønskjer han at regjeringa skal samarbeide med kyststatane rundt Middelhavet om ei byrdefordeling, og seie ja til å ta imot asylsøkarar som kjem over havet.
– Vi har ei felles grense, og då må vi ta eit felles ansvar, seier han.
Apeland meiner òg at den norske stat har klare forpliktingar når skip som seglar under norsk flagg har redda personar til havs.
– Grunnleggande menneskerettar, som retten til liv, må varetakast på desse skipa. Det inneber at europeiske styresmakter må sørge for at migrantane får gå i hamn trygt ein stad. Noreg bør vere aktive i det arbeidet som går føre seg for å finne felles løysingar.
Norskeigd skip erklærte nødssituasjon
Måndag kveld fekk det norskeigde skipet «Ocean Viking», som hadde 180 migrantar om bord, legge til kai på Sicilia. Skipet hadde då vore på havet med migrantane om bord i over ei veke.
«Ocean Viking» skal ha fått fleire avslag på førespurnader om å legge til kai både i Italia og på Malta. Fredag i førre veke erklærte skipet ein nødssituasjon etter seks sjølvmordsforsøk om bord i løpet av 24 timar.