Hopp til innhold

Totaltslakt for Dépardieus Rasputin i Russland

Russiske filmmeldarar er ikkje nådige i kritikken av den nyslåtte russiske statsborgaren Gérard Dépardieu for hans tolking av den illgjetne munken Rasputin.

Gerard Depardieu som Rasputin.

Russiske filmmeldarar har lite godt å seie om Gérard Dépardieu si tolking av munken Rasputin.

Foto: - / Afp

– Rasputin er så dårleg at det beste er å førestille seg han som ein hallusinasjon. Han klarar korkje å framstille han som djevelsk eller komisk, skriv avisa Gazeta.

Gerard Depardieu som Rasputin.

Gérard Dépardieu i eit rollebilete i filmen Rasputin.

Foto: - / Afp

Grigorij Jefimovitsj Rasputin var munken som kom ut frå enkle kår i Vest-Sibir og opparbeidde seg ei sterk stilling i hoffet til den russiske tsarfamilien frå 1907 og utover. Før han vart teken inn i varmen hos tsarfamilien arbeidde han som lekpredikant og mirakeldoktor.

Fekk stor makt

Han fekk stor makt over hoffet i St. Petersburg, spesielt over keisarinna. Ho var overtydd om at han kunne lækje sonen Aleksej, som leid av ein alvorleg blødarsjukdom.

Rasputin var på høgda av si makt i tida rundt første verdskrigen. På hans tilråding vart fleire utnemnde til statsrådar og andre høge stillingar. Men livsførselen hans, som ifølgje Store norske leksikon var dominert av seksualitet, alkoholmisbruk og religiøs mystisisme, vekte stadig større sinne i kretsen rundt tsarfamilien.

I desember 1916 vart han teken av dage av ei gruppe monarkistar under leiing av fyrst Jusupov.

LES OGSÅ: «Obelix» neste riking ut av landet for å slippe skatt

LES OGSÅ: Putin ønsker Depardieu velkommen

Russisk statsborgar

Russlands president Vladimir Putin.

Russlands president Vladimir Putin engasjerte seg personleg for at Depardieu skulle bli russisk statsborgar.

Foto: Alexei Druzhinin / Ap

Avisa Kommersant er like kritisk til Depardieus tolking av Rasputin som Gazeta. Avisa skriv at det må vere Depardieu si store nase som gav han rolla som Rasputin og ikkje skodespelarprestasjonane.

Tidlegare i år vart Gérard Dépardieu russisk statsborgar, etter å ha sagt opp sitt franske statsborgarskap etter ein strid med franske skattestyresmakter.

Russlands president Vladimir Putin engasjerte seg personleg i saka, og nettopp rolla som Rasputin vart trekt fram som ei viktig årsak til at han skulle få bli russisk borgar.

LES OGSÅ: Depardieu har fått russisk pass

LES OGSÅ: Gerard Depardieu besøker sitt nye hjem i Russland

Kjenner seg nær Rasputin

Gerard Depardieu i rolla som Rasputin.

Gerard Deaprdieu i ein dramatisk situasjon i filmen Rasputin.

Foto: - / Afp

– Dette er ei rolle som er sterkt relatert til russisk film og til russisk kultur generelt. Derfor synest eg det er rett at Depardieu får bli russisk borgar, sa Putin i april i år.

Depardieu sjølv møtte ikkje fram til premieren på filmen i Moskva, men i eit intervju med avisa Izvestia i dag seier Depardieu at han kjende seg svært nær Rasputin gjennom sitt band til den åndelege verda.

Elles melder russiske medium at Depardieu si interesse for Russland har dabba av dei siste månadene, og at han oppheld seg for det meste i Belgia.

LES OGSÅ: Det russiske utvandrermiljøet gjennom tidene

.