– Regjeringa har det sterkaste og mest gjennomarbeidde regjeringsgrunnlaget Danmark har sett, sa statsminister Lars Løkke Rasmussen då han presenterte den nye regjeringa i føremiddag.
Rasmussen har i halvanna år leia ei mindretalsregjering som har strevd med å få gjennomslag for sin politikk i Folketinget. På søndag vart partiet hans, Venstre, samde med Dei Konservative og Liberal Allianse om å danne ei borgarleg trepartiregjering.
– Det er av lyst, men med bakgrunn i ein spesiell situasjon, at vi i dag står med ei trepartiregjering som ikkje var mogleg etter førre val, sa statsministeren.
Sjå lista over alle ministrane lenger nede i saka.
22 ministre
Den nye trepartiregjeringa er framleis ei mindretalsregjering, men får med seg innvandringskritiske Dansk Folkeparti som støtteparti.
– Eg ser fram til å samarbeide med alle dei nye ministrane og samarbeidspartia, og eg satsar på eit breitt samarbeid til fordel for Danmark, skreiv Rasmussen på Facebook før presentasjonen.
Den nye regjeringa er utvida frå 17 til 22 ministerpostar.
– Det er ei sterk regjering. Alle er dedikerte og rutinerte, og klare til å ta fatt på arbeidet vi no skal gjere, sa Rasmussen etter å ha presentert regjeringa for dronning Margrethe.
Fleire utskiftingar
Nokre Venstre-ministrar må forlate postane sine, og andre har blitt flytta rundt på, opplyste statsministeren før han la fram regjeringskabalen.
Ein av dei som no må takke for seg er kyrkje- og kulturminister Bertel Haader (V). Han er den ministeren i Danmark som har sete lengst, etter at parlamentarismen vart innført i 1901. 72-åringen har hatt ulike ministerroller i nesten 22 år.
– Det er trist å seie farvel til nokre fantastiske Venstre-ministrar, som dedikert har løyst oppgåvene sine. Men det er uunngåeleg når vi no dannar ei ny regjering, skreiv Løkke Rasmussen om den nye ministerlista.
I en tidligere versjon av denne saken ble antallet ministre (22) omtalt som ministerrekkord. Det er ikke riktig. Poul Nyrup Rasmussens første regjering hadde flere ministre (24)