Hopp til innhold

Raseri mot støtteerklæringar til drepen innbrotstjuv i London

Fleire har protestert mot at det er lagt ned bukettar for ein innbrotstjuv som vart drepen i London.

Henry Vincent

DREPEN: Henry Vincent har vore i politiets søkelys før for forsøk på å rane eldre menneske i heimane sine, skriv BBC Radio Kent.

Foto: Politiet i London

Striden rundt minnemarkeringa har skapt stort engasjement både på gateplan og på sosiale medium. Blomane blir røska vekk, for så å bli lagt på plass igjen.

Stridens kjerne er den 37 år gamle Henry Vincent, som vart drepen med kniv av ein pensjonist i det han tok seg inn i heimen hans i London.

Richard Osborn-Brooks

SLEPT FRI: Richard Osborn-Brooks blir førebels ikkje straffeforfølgd av politiet, men han har ikkje flytta tilbake til heimen sin, som er forsegla med treplater, i frykt for hemnaksjonar.

Foto: Facebook

78 år gamle Richard Osborn-Brooks var ei kort tid arrestert av politiet, men har sidan sleppt fri utan vidare sikting eller tiltale.

Familien til Henry Vincent seier til BBC at gjerdet utanfor huset i London-nabolaget Hither Green, er den beste plassen for å minnes den døde mannen.

– Fullstendig upassande å hylle ein innbrotstjuv

Fleire gangar har blomane og ballongane blitt fjerna av personar som meiner det er smaklaust å hylle det som truleg er ein innbrotstjuv.

Ein av dei er ein mann som kallar seg Cecil Coley.

– Dette er eit nabolag, og det er fullstendig upassande å plassere blomar her, seier han til BBC.

Cecil Coley var også namnet på ein 72 år gammal man som knivstakk og drap ein innbrotstjuv i 2011.

Laster Twitter-innhold

– Han var ingen valdtektsmann

Ein av dei som hengde blomane på plass igjen, var søskenbarnet til Henry Vincent, Elvina Lee. Ho fortvilar.

– Han var ingen drapsmann, ingen valdtektsmann, dei framstiller han som eit monster, seier ho til BBC.

Men naboane er ikkje samde. 78 år gamle Saverimuthu Augustine er irritert over at nokon hadde hengt blomar på hans gjerde.

– Det kunne ha vore meg som vart forsøkt rana, seier han til BBC.

Laster Twitter-innhold

Frykt i nabolaget

Fleire naboar seier til BBC at dei ikkje tør snakke til media, i frykt for represaliar frå venene til den døde 37-åringen.

Ein nabo fortel at dei har sett ein bil sirkulere i nabolaget, noko dei tolkar som eit forsøk på å skremme bebuarane til la blomane og ballongane vere i fred.

Laster Twitter-innhold

SISTE NYTT

Siste nytt