Hopp til innhold

Raseri etter gresk ja til spareplan

Hellas går inn for dei massive sparekutta på 218 milliarder. Frustrerte grekarar tek til motmæle i Aten.

Den greske nasjonalforsamlinga tok til å røyste like etter klokka 14.30. Ein halvtime seinere var ja-et klart.

Avgjerda satte sinne i kok utanfor nasjonalforsamlinga, der titusenvis av demonstrantar var samla for å vise misnøye mot spareplanen.

Statsminister Georgios Papandreou i den greske nasjonalforsamlingen

Statsminister Georgios Papandreou fikk ja-et han ville ha i den greske nasjonalforsamlinga.

Foto: Giannis Liakos / Reuters

Unge anarkistar og arbeidslause byrja å kaste stein mot politiet, og politiet tok i bruk tåregass.

Straffa for ja-røyst

155 representantar i nasjonalforsamlinga røysta for spareplanen, 138 imot. Fem parlamentarikarar lot vere å røyste, medan to ikkje var til stades.

To parlamentsmedlemmer frå regjeringspartiet hadde på førehand sagt at dei ville røyste nei. Den ene gjorde som han sa, og vart straks ekskludert frå partiet av den greske statsministeren Georgios Papandreou.

Den andre, Alexandros Athanassiadis, røysta likevel ikkje nei. Som takk vart han angripen tidleg på kvelden, ifølgje politiet i Aten.

Athanassiadis vart treft av prosjektilar frå folk som passerte, og fikk ifølgje ein lokal radiostasjon mindre skader i hovudet.

Video Sammenstøt mellom demonstranter og politi i Aten

KLIKK FOR VIDEO: Uro i Aten.

– Folk er frykteleg sinte

– Eg trur det blir mykje bråk utover kvelden. Folk er frykteleg sinte, seier NRK-journalist Dag Bredvei i Aten.

– Majoriteten av dei som demonstrerar er vanlige arbeidarar. Dei kastar ikkje stein på politiet, men dei er frustrerte, fortel Bredvei.

Ei godkjenning av spareplanen var ein føresetnad for at IMF, EU og Den europeiske sentralbanken bidreg med meir krisehjelp til Hellas. Om ikkje Hellas hadde sagt ja, trur mange at landet hadde gått konkurs.

Dag Bredvei

Dag Bredvei i NRK har sjølv merka opptøyene i Aten på kroppen.

Foto: Anne Liv Ekroll / NRK

– Grekerane er frykteleg frustrerte. Krisepakka fører til at det blir langt lågare løn for dei med jobb, og høgare skattar. Det kjem til å svi veldig, seier Bredvei.

– Ein fagforeningsleiar seier at dette er ei massakre på arbeidsfolk sine rettar, som dei har jobba fram gjennom fleire generasjonar.

Til åtak mot finansdepartementet

Demonstrantar gjekk tidlegare på dagen til åtak mot kontora til finansdepartementet ved Syntagmaplassen sentralt i Aten.

30 personar med kjeppar og jernstenger øydela vindauge og inngangspartiet, og fortsette i etasjar lenger opp, ifølgje politiet.

Gresk politi har fyrt av tåregass mot dei tusenvis av demonstrantane i gatene. Fleire personer skal vere skada.

I tillegg har også betalingsnekt vorte ein populær måte å demonstrere på. Fleire og fleire grekarar sluttar seg til rørsla, som nektar å betale for offentlege tenester, som bompengar og billett på metroen.

Demonstranter kaster stein på politiet på Syntagmaplassen i Aten

Demonstranter kastar stein på politiet på Syntagmaplassen i Aten.

Foto: YANNIS BEHRAKIS / Reuters

Kraftig ned i løn

Fabrikkarbeidarar, bussjåførar, lærarar og kontortilsette streikar og demonstrerar side om side mot lønnskutt. Dei har håpa på at politikarane ville snu i tolvte time, men ikkje trudd heilt på det.

Nokre av dei sier at løna berre er på 5-600 euro (vel 3000 kroner) i måneden.

Ein gresk lærer som var med på demonstrasjonane hadde rekna at lønna ville bli kutta med 40.000 kroner, dersom sparekutta vert gjennomført. I dag får han utbetalt 9000 kroner i månaden

Sinnet rettar seg mot både EU og statsminister Papandreou. Mange demonstrantar ser på Papandreou som ei nikkedukke for EU, som dei meiner tek kvelertak på den greske middelklassa.

Aggresjon mot media

Bredvei har merka at det er aggresjon også mot media.

– Eg var ute i natt, og det var svært vanskeleg å ta seg fram til der vi overfører TV-saker. Det var ei gruppe med anarkistar som kasta brannbomber og steinar mot poltitiet. Det heile var ganske dramatisk. Me måtte ta oss inn via bakveien for å kome inn på hotellet der TV-bilete vert sende i frå.

Han fortel at heile hotellet vart mørktlagt fordi demonstrantane kasta steinar på dei romma der lyset var slått på.

APTOPIX Greece Financial Crisis

Nestleiaren i det greske kommunistpartiet, Liana Kanelli, fekk ein gresk yoghurt i ansiktet då ho i dag var på veg inn i Parlamentet for å stemme.

Foto: Thanassis Stavrakis / Ap

– Ansvarlig avgjerd

Leiar for EU-kommisjonen, José Manuel Barroso, og EU-president Herman Van Rompuy er nøgde med avgjerda i den greske nasjonalforsamlinga. Dei meiner at Hellas har tatt ei ansvarleg avgjerd.

– Ei ny positiv avgjerd banar veg for utbetaling av neste del av den finansielle stønaden. Det vil óg legge til rette for at arbeidet med ei ny økonomisk støttepakke kjem i gang, uttala Barroso og Van Rompuy onsdag.

I går åtvara sjefen for Deutsche Bank, Josef Ackermann, om at ein gresk konkurs ville få kollapsen til Lehman Brothers i 2008 til å framstå som barnemat.

SISTE NYTT

Siste nytt