Hopp til innhold

Rasekrav i tyske studentklubbar

Ein tysk studentklubb risikerer utestenging frå paraplyorganisasjonen etter å ha verva ein mann av kinesisk opphav.

Studentkort

– Det blir som å forlanga eit arisk identitetskort av medlemmene, seier ein anonym studentklubb-representant som meiner det er feil å å nekta studentar medlemskap på grunn av rase.

Foto: Colourbox

Den interne feiden mellom tyske studentklubbar vekkjer internasjonal merksemd, på grunn av avsløringar om nazistiske rasekrav til medlemmene.

Etter å ha gjeve medlemskap til ein mann med kinesiske foreldre, får studentklubben Hansea Mannheim nemleg ei iskald skulder frå mange av sine broderklubbar.

Det ferske medlemmet vert ikkje oppfatta som «arisk nok» til å få innpass i det løyndomsfulle fellesskåpet

Avstemming

Tyskland har meir enn 100 «Burschenschaften» eller studentklubbar med over 10.000 medlemmer, nesten utelukkande menn.

Medlemmene kler seg i 1700-tals uniformar, utfører ritual og tek del i duellar og øldrikke-konkurransar.

Torsdag var utsendingar frå 120 av studentklubbane samla i Eisenach i Midt-Tyskland til sitt årlege generalmøte.

Eit viktig punkt på agendaen var å drøfta moglege sanksjonar mot klubben Hansea Mannheim. Ifølgje nettavisa The Independent blei representantane bedne om å stemma for eller mot ei utvising på grunnlag av brotet på rasereglementet.

– Heile samanslutninga av klubbar kan sprekka på grunn av denne striden, seier ein talsmann for unionen, Michael Schmidt til nyheitsbyrået DPA.

Krav om tysk familietre

Den tyske avisa Der Spiegel har fått tak i dei hemmelege statuttane til paraplyorganisasjon for dei tyske studentforeiningane.

Der står det svart på kvitt at potensielle medlemmer med «ikkje-europeiske ansiktstrekk eller kroppslege kjenneteikn» ikkje kvailifiserer som tyskarar.

I dokumentet står det også at:

«..spesielt i desse tider med aukande innvandring er det uakseptabelt at folk som ikkje har eit tysk familietre skal få innpass i Burschenschaften (kameratskapet)».

Ifølgje Der Spiegel er det dei mange konservative Burschenschaft-klubbane som svergar til slike rasekrav. Mange av delegatane på Eisenach-møtet var også kritiske til å dette reglementet.

– Det blir som å forlanga eit arisk identitetskort av medlemmene, sa ein av representantane ifølgje The Independent.

SISTE NYTT

Siste nytt