Hopp til innhold

Rasande bønder i kamp mot politiet i Aten

Greske bønder kastar stein og tomatar og angrip politiet med stokkar utanfor landbruksdepartementet i sentrum av Aten i ettermiddag. Politiet svarar med tåregass og batongar.

Gatekampar utanfor landbruksdepartementet i Aten.

VIDEO: Bønder mot politi i Aten.

Bøndene protesterer mot pensjonsreforma som greske styresmakter har innført, etter press frå landet sine internasjonale kreditorar. Bøndene vil få ei tredobling i det dei må betale i pensjonsavgift, samstundes som inntektsskatten blir betydeleg høgare.

Før bøndene strøymde inn Syntagmaplassen i sentrum av Aten har dei blokkert motorvegar rundt om i landet dei siste tre vekene. I føremiddag prøvde ei stor gruppe å storme landbruksdepartementet, men vart slått tilbake av opprørspolitiet.

– Sikre framtidige pensjonar

Rasande bønder demonstrerer i Aten.

Demonstrantane har sett fyr på bildekk og søppelkasser i sentrum av Aten.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Den greske regjeringa seier at tiltaka er heilt naudsynte for å sikre dei framtidige pensjonane til bøndene, som dei hevdar hittil har levd på reine subsidiar frå styresmaktene.

I dag tidleg kom 800 bønder frå Kreta og strøymde inn plassen framfor landbruksdepartementet. Kravet deira er at regjeringa trekkjer tilbake auken i trygdeavgiftene, og på bannera dei bar var det klare meldingar om at dei ikkje hadde tenkt å gi seg.

Utover dagen har det kome bønder frå heile Hellas inn til hovudstaden, og i ettermiddag er stemninga rundt Syntagmaplassen svært amper. Demonstrasjonen og forsøket på å storme landbruksdepartementet er eigentleg berre eit førespel til den store demonstrasjonen, som skal skje i kveld.

Greske politikere støtter reformer

Juel: – Regjeringen i Hellas har opptrådt svært klønete

Telt på Syntagma

Ein del av demonstrantane har sett opp telt på Syntagmaplassen, hovudtorget i sentrum av Aten der det mange gonger før dei siste åra har vore harde samanstøytar mellom politi og demonstrantar.

Bønder demonstrerer i Aten.

Gatekampar mellom rasande bønder og politi utanfor landbruksdepartementet i sentrum av Aten.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp
Bønder demonstrerer i Aten.

Det gjekk hardt føre seg utanfor landbruksdepartementet i sentrum av Aten.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp
Gatekampar i Aten.

Ein demonstrant i nærkamp med ein politimann utanfor landbruksdepartementet.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / Afp

Fleire bønder har prøvd å køyre traktorane sine inn i sentrum, men dei har vorte stansa av politiet

Pensjonsreforma er ein viktig del av avtalen Hellas har inngått med kreditorane, men den kraftige auken i innbetalingane har møtt sterk motstand blant grekarane. Statsminister Alexis Tsipras gjekk til val på motstanden mot krava frå kreditorane, men har seinare inngått ein svært upopulær avtale om nedbetaling av gjeld.

Allmenn misnøye

Det er ikkje berre bøndene som er misnøgde, men også advokatar, legar, lærarar og skodespelarar er blant yrkesgruppene som har protestert heftig mot innstrammingane i den offentlege pengebruken.

Den varsla demonstrasjonen i kveld blir sett på som ein test på om Tsipras og regjeringa hans vil klare å kjempe gjennom dei upopulære reformene. Regjeringa hans har berre eit lite og skjørt fleirtal i parlamentet.

Tidlegare denne veka sa Tsipras at han ville forhandle med bøndene, men dei nekta å snakke med han.

Hellas går inn for kriseavtale

SISTE NYTT

Siste nytt