Hopp til innhold

Rapport: Klimagassutslepp årsak til rekordvarm vår i Australia

Ifølgje australske forskarar er det svært sannsynleg at klimagassutslepp er årsaka til rekordvarm vår i Australia – i 2013, 2014 og 2015.

AUSTRALIA-WEATHER-FIRE-CLIMATE-FILES

Ein brannmann kjempar mot flammane i eit fjellområde i delstaten New South Wales i oktober 2013.

Foto: WILLIAM WEST / Afp

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er våren 2014. Internasjonale toppleiarar og demonstrantar prøver å takle temperaturar på rundt 40 grader under G20-møtet i Brisbane, hovudstaden i delstaten Queensland. I 13 i dagar i strekk hadde byen Longreach i det sentrale Queensland temperaturar på 40 grader eller høgare. Den gamle rekorden blei slått med fire dagar.

G20-møtet i Brisbane, rundebord

Inne var det kanskje svalt, men utanfor konferansesalen var det glovarmt under G20-møtet i 2014.

Foto: POOL / Reuters

Lenger sør, i New South Wales og Tasmania, kjempa folk mot store skogbrannar. Få veker tidlegare hadde den sørlege delen av Australia opplevd den varmaste oktober-månaden nokon gong. Perioden frå september til november 2014 var den varmaste i Australia sidan 1910.

Sommartemperatur om våren

Den førre rekorden kom året før. Aldri før, etter 1910, var det blitt sett tilsvarande rekord i vårtemperaturar to år på rad.

Også våren 2015 var rekordvarm i Australia. Den var varmare enn 2013, men ikkje like varm som 2014. Likevel blei det i oktober 2015 sett ny varmerekord for denne månaden.

Ville folk i Australia vore nøydde til å sveitte seg gjennom rekordvarme vårar også om det ikkje hadde vore 40 prosent meir CO2 i atmosfæren no enn før den industrielle revolusjonen?

I Australia frykter brannmannskapene at menneskeliv vil gå tapt i de enorme skogbrannene. Været har blitt verre den siste tiden, og brannene blir større.

Enorme skogbrannar i New South Wales, vest for Sydney, i oktober 2013.

Global oppvarming

Ein ny studie frå Monash University og Australian National University har nokre konklusjonar. Rapporten er publisert i Geophysical Research Letters.

– Når vi undersøkte korleis verda ville sett ut utan klimagassutslepp frå menneskeleg aktivitet, fann vi ingen eksempel på rekordhøg vårtemperatur to år på rad, slik vi har observert i 2013 og 2014, seier Ailie Gallant frå Monash University til avisa The Guardian.

– Men når vi tek omsyn til effekten av klimagassane, finn vi at dette skjedde ein stad mellom eitt av ti år og eitt av fire. Dette tyder på at rekkja med rekordar, i 2013, 2014 og 2015, nesten heilt sikkert skuldast global oppvarming, seier ho.

Ailie Gallant laga studien saman med Sophie Lewis frå Australian National University. Dei kombinerte ulike klimamodellar for å kontrollsjekke resultata.

– Det er ikkje versystema som endrar seg. Det er rett og slett slik at alt blir varmare. Vi ser at vi får fleire rekordvarme vårperiodar, og det er svært usannsynleg at dette ikkje skuldast globale klimaendringar, seier Ailie Gallant.