Rapport: Klimaendringar fører til meir svolt i verda

Klimaendringane er ei hovudårsak til at det blir meir svolt og større matvarekriser i verda. Det skriv FN i ein rapport. Eitt av ni menneske på jorda svelt, ifølgje rapporten.

Food Assistance for Assets (FFA) The Lake Chad Basin

Tsjad i Sentral-Afrika er eitt av landa i verda med mest svolt. Rundt 87 prosent lever under fattigdomsgrensa.

Foto: Photo: WFP/Giulio d'Adamo

FN la fram rapporten «The State of Food Security and Nutrition in the World» tysdag. Rapporten viser at talet på menneske som svelt har gått opp dei tre siste åra.

Dette er hovudfunna i FN-rapporten:

  • Talet på menneske som svelt har gått opp frå 804 millionar i 2016 til 821 millionar i 2017. Det tilsvarar rundt eitt av ni menneske i verda.
  • Situasjonen er forverra i Sør-Amerika og dei fleste regionar i Afrika.
  • Utviklinga i Asia, med ein nedgang i talet på fattige, går saktare no enn tidlegare.
Myanmar conflict Rohingya refugees

Born som har flykta frå uroa i Myanmar får mat takka vere internasjonale organisasjonar i Cox’ Bazar, Bangladesh.

Foto: Photo: WFP/Saikat Mojumder

Rapporten tar også for seg situasjonen for underernærte born.

  • 50 millionar born under fem år har lågare vekt enn det som er normalt ut frå høgda. Faren for at dei skal døy er stor.
  • Det er færrast i Latin-Amerika og flest i Asia.

Feilernæring kan føre til både svolt og fedme.

  • Overvekt blant vaksne aukar i omfang, og meir enn ein av åtte vaksne, eller rundt 672 millionar menneske, er overvektige.
  • 38 millionar born under fem år er overvektige.
  • Underernæring og overvekt eksisterer side om side i mange land.
Food for Work Rising hunger in Central America and Haiti as El Niño follows prolonged drought

Arbeidet med å byggje ei åtte meter høg demning San Jorge i Guatemala er i gang. Demninga skal vere klar før regntida set inn.

Foto: Photo: WFP/Miguel Vargas

– Klimaendringane er ein trussel

I rapporten som kom i fjor, såg FN på korleis krig og konflikt fører til hungersnaud og underernæring. I år tar rapporten for seg kva verknad klimaendringane har.

I tillegg til krig og konflikt, er meir ekstremt klima ei hovudårsak til at fleire svelt, og ei heilt avgjerande årsak til matvarekriser, ifølgje rapporten.

FN viser i rapporten til at ekstremvêr inntreffer oftare enn før. Det kan vere store endringar i veret over ein kort tidsperiode. Utslaga av ekstremvêr er meir intense, vêrsystema er meir kompliserte enn før.

Ifølgje rapporten truar dette med å bremse opp, og til og med reversere den framgangen som har funne stad i seinare år i arbeidet med å redusere fattigdomen.

FN skriv i rapporten at klimaendringane svekkjer mattryggleiken og gjer det vanskelegare å utnytte ressursane for å sikre stabil tilgang på mat.

Faren for feilernæring og matmangel er større enn tidlegare fordi levebrødet for mange fattige er trua av ekstremvêr, ifølgje rapporten.

FFA in Chad Food For Assets programme in Chad

Bonden Ibrahim Ahmat Abakar i Chad plantar grønsaker i eit område som har vore utsett for langvarig tørke. Takka vere internasjonal hjelp er ei demning blitt reparert, slik at vatn er tilgjengeleg, og dyrkinga kan komme i gang igjen.

Foto: Photo: WFP/Alexis Masciarelli

Ber om handling

I rapporten kjem FN med ein kraftig appell til lokale og nasjonale styresmakter. Det er nødvendig å gjere langt meir for å sikre matproduksjonen.

Klimaendringar og ekstremvêr kan få store konsekvensar dersom utsette lokalsamfunn ikkje tilpassar seg, ifølgje rapporten.

Rapporten understrekar at Parisavtalen frå 2015 må følgjast opp, og at det er viktig å sjå denne avtalen i samanheng med andre internasjonale avtalar og konvensjonar.

På den måten kan ein oppnå meir både når det gjeld mattryggleik, klima og helse, ifølgje «The State of Food Security and Nutrition in the World».

Drought in Guatemala Central America battles impact of drought and coffee rust

Maisavlinga gjekk tapt for Hugo Jolón i Guatemala på grunn av langvarig tørke.

Foto: Photo: WFP/Francisco Fion

SISTE NYTT

Siste nytt