Hopp til innhold

Feirar rakettforskarane i Nord-Korea

Kim Jong-un heldt fredag ein ein bankett for forskarane sine, for å feire den vellukka oppskytinga av ein langdistanserakett tidlegare i månaden. Til full jubel oppmoda diktatoren til fleire og større rakettar.

Nord-Koreas leder Kim Jong Un holdt en bankett for å feire oppskytingen av en satelitt med en kraftig langdistanserakett.

Nord-Korea: Slik feires rakettforskerne

Allereie 12. desember, då Nord-Korea sendte opp ein langdistanserakett som hausta sterke reaksjonar over heile verda, gav Kim Jong-un uttrykk for at dette berre er starten.

Nord-Korea rakettoppskytning

ENTUSIAST: Den alltid intense og teatralske nordkoreanske nyheitsopplesaren Ri Chun-hi heldt på å miste pusten av begeistring då ho kommenterte banketten på statleg fjernsyn fredag.

Foto: Ap

Men det var i talen under banketten fredag at han for første gong gav eksplisitt uttrykk for at rakettprogrammet skal utvidast.

– Viktig maktdemonstrasjon

Til vill men velkjent koordinert jubel frå tilhøyrarane i salen, kunngjorde diktatoren at den vellukka rakettoppskytinga var ein viktig maktdemonstrasjon for den lukka millitærstaten.

– Denne oppskytinga blei gjennomført med vårt folks verdigheit, annonserte han og heldt fram:

– Dette er ei høgtideleg kunngjering som viser vår juridiske rett til fredeleg bruk av luftrommet, var beskjeden frå den unge, eineveldige leiaren.

LES OGSÅ: Kinas lillebror leker med farlige våpen

LES OGSÅ: Verdenssamfunnet presser på straff av Nord-Korea

– Utskytinga viser fram vår totale nasjonale makt, sa han, og heldt fram med å gratulere forskarane med den vellukka oppskytinga av raketten som er blitt sterkt fordømt i resten av verda.

Vennelaust land

Kim Jong-Un

RUSTAR OPP: Unge Kim Jong-un følgjer i faren sine fotspor og trassar verda med å utvikle atomprogrammet.

Foto: KCNA / Reuters

Både Sør-Korea, Japan, USA og Russland fordømte planane allereie då dei blei annonsert etter at første oppskyting enda i fiasko.

Rakettprosjektet til Nord-Korea får heller ingen støtte av Kina, som er militærstaten sin næraste, og kanskje einaste, allierte.

At diktatoren hausta både trampeklapp og jubel i runde nummer to, er ikkje så rart sidan første forsøket ikkje kan seiast å ha vore noko særleg vellukka maktdemonstrasjon.

LES OGSÅ: Ny sørkoreansk president ser Nord-Korea som alvorleg utfordring

LES OGSÅ: Nord-Korea vil skyte opp ny langdistanserakett

Først fiasko

Statlege medium måtte innrømme nederlag då den første raketten som blei skoten opp 13. april knuste og styrta i havet etter 81 sekund i lufta.

Raketten som klarte seg, hadde som mål å sette ein vêrsatellitt i bane, ifølgje Nord-Korea. Men det internasjonale samfunnet fryktar at slike rakettar kan i framtida bli brukt til å frakte kjernefysiske stridshovud.

Fryktar kjernefysiske våpen

Nord-Korea rakettoppskytning

OPPSKYTINGA: Nord-Korea skaut 12. desember opp raketten som av fleire andre land blir sett på som ein stor trussel.

Foto: LEE JAE-WON / Reuters

På grunn av frykta for at militærstaten utviklar atomvåpen, som med desse rakettane kan treffe mål så langt unna som USA, har FN fleire gongar sanksjonert Nord-Korea.

FN har forbode landet å utvikle nokon form for atomprogram.

Ein kjernefysisk test ville vere den logiske oppfølgjaren til rakettoppskytinga, ifølgje analytikarar.

Nord-Korea er bannlyst frå å utvikle atom- og raketteknologi pga. FN-resolusjonane, men Kim Jong-un som tok makta for eitt år sidan, trassar kritikarane i resten av verda, og seier han skal halde fram militærprogrammet som hans avdøde far Kim Jong-il sette i gong.