Også i ettermiddag er det skote rakettar og granatar mot israelske mål sør på Gazastripa. Det er ikkje meldt om skadde. Den palestinske presidenten Mahmoud Abbas har gitt ordre til sine tryggingsstyrkar om å hindre slike angrep.
Ein talsmann for Hamas seier at gruppa i dag tidleg skaut 46 rundar med grantar og rakettar mot israelske busetjingar i løpet av to timar, og organisasjonen truar med fleire angrep.
33 nedslag
Den israelske hæren opplyser at det er registrert 33 granat- og rakettnedslag i busetjingar militærpostar på Gazastripa, og på mål like over grensa til Israel. Ingen vart skadd i angrepa, men fleire bygningar vart øydelagde.
Ein israelsk politimann inspiserer eit skadd hustak i busetjinga Neve Dekalim. (Foto: Reuters/Scanpix)
Dette er dei første palestinske angrepa mot israelske mål, etter at Ariel Sharon og Mahmoud Abbas erklærte våpenkvile under toppmøtet i Sharm el Sheikh i Egypt måndag.
Hamas seier at angrepa i dag tidleg var hemn for at ein palestinsk mann vart drepen av israelske soldatar i Gaza i går. Det er ulike versjonar av kva som skjedde, men israelske styresmakter seier dei skaut mot palestinarar som kom inn i eit forbode område.
Angrepa i dag har ført til at Israel har avlyst eit møte mellom israelske og palestinske tenestemenn om tryggingssamarbeid.
Vestbreidda
Ein palestinsk mann vart drepen i ein vegsperring på Vestbreidda i dag, etter at han ikkje stansa for kontroll. Israelske styresmakter seier at mannen hadde stole bilen han køyrde i Israel i går, og at han ignorerte ordre om å stanse bilen.
- Drapa på to palestinarar sidan i går, og avfyring av rakettar og grnatar mot israelske busetjingar i dag, er ei alvorleg utfordring mot det vi vart samde om i Sharm el Sheikh, sa den palestinske forhandlingsministeren Saeb Erekat i ein kommentar.
I går sa ein talsmann for Hamas at dei ikkje kjenner seg forplikta av våpenkvileavtalen frå Sharm el Sheikh.
Det kjem likevel mostridande fråsegner frå Hamas og dei andre militante gruppene. Andre igjen seier at dei ikkje vil setje seg opp mot president Mahmoud Abbas.
Hizbollah
I går sende Abbas ein av sine næraste medarbeidarar til Libanon for å snakke med leiarane i geriljaorganisasjonen Hizbollah, som opererer i grenseområdet mellom Libanon og Israel, og som er støtta av Iran og Syria.
Dette skjer etter at Hizbollah hadde tilbode store pengesummar til militante palestinarar i Gaza og på Vestbreidda for å øydeleggje våpenkvila.
Det er likevel uklart om utsendinga verkeleg har møtt representantar for Hizbollah.
Både israelske og palestinske kjelder seier at Hizbollah no har meir enn dobla beløpet dei betalar for ein sjølvmordsaksjon.
Toppleiarar i Hamas fotografert for nokre dagar sidan. Frå venstre Ismail Hanea, Mahmoud al-Zahar, Sayed Seyam og Nizer Rayen. (Foto: Reuters/Scanpix)