Rakett-sal til Iran er forseinka

Leveransen av avanserte S300-rakettar frå Russland til Iran er utsett av tekniske årsaker, seier ein russisk tenestemann.

Det russiske rakettsystemet S-300

S-300 er eit avansert, russisk luftvernsystem.

Foto: Scanpix/AP

- Forseinkinga har tekniske årsaker. Leveransen vil bli gjennomført når desse problema er løyste, seier Alexander Fomin.

Salet av dei avanserte luftvernrakettane har vekt sterke reaksjonar i USA og Israel.

Ukjend årsak

Fomin gjekk ikkje i detalj om kva forseinkinane skuldast, eller kor lang forseinkina kan bli.

LES OGSÅ: - Vesten vil angre sanksjonene

LES OGSÅ: Saudi-Arabia tviler på Iran-sanksjoner

LES OGSÅ: Fryktar militærdiktatur i Iran

Irans president Mahmoud Ahmadinejad

Mahmoud Ahmadinejad ventar utolmodig på rakettane han har tinga frå Russland.

Foto: Olivier Morin / Scanpix/AFP

Fomin er visedirektør i den statlege russiske organisasjonen som har ansvaret for all eksport av våpen, Den føderale etaten for militært og teknisk samarbeid.

Politiske observatørar i Moskva trur ikkje det er tilfeldig at meldinga om at rakettsalet er utsett, kjem dagen etter at Israels statsminister Benjamin Netanyahu vitja den russiske kollegaen sin, Vladimir Putin, i Moskva.

Israel forsynte Georgia med førarlause fly, droner, før krigen mot Russland i august 2008. Russiske aviser har dei siste dagane ymta om at Israel har trua med nye våpensal til Georgia, om ikkje Moskva stansar salet av S-300 til Iran.

- Stabilitet i ustabile regionar

- Vi tek alltid omsyn til alle partar sin uro når det det gjeld våpensal, og vi ventar at Russland gjer det same, at landet gjer sitt for å bidra til stabilitet i ustabile regionar, seier Benjamin Netanyahu.

Få detaljar er kjende rundt rakettkontrakten mellom Moskva og Teheran, men Interfax melder at det er snakk om fem batteri med S-300 PMU1-rakettar til ein verdi av rundt 4,7 milliardar kroner.

Systemet, som blir kalla SA-20 Gargoyle av NATO, kan brukast til å skyte ned fly eller kryssarrakettar.

Eit slikt system ville gjere det betydeleg vanskelegare for USA og Israel å angreipe dei iranske atomanlegga.

Frustrasjon i Teheran

Regimet i Iran er frustrert over at rakettane frå Russland er forseinka, og ein høgtståande iransk offiser sa sist veke at landet har planar om å byggje sitt eige luftvernsystem, som han sa kan bli enda betre enn det russiske.

Forholdet mellom Russland og Iran er dårlegare enn på lenge, etter at Moskva denne veka slutta seg til den amerikanske og franske kritikken av det iranske programmet for oppriking av uran.

Russland har ikkje utelukka nye internasjonale sanksjonar mot Iran.

Benjamin Netanyahu (t.v.) og Vladimir Putin i Moskva.

Vlaidmir Putin tok mot Benjamin Netanyahu (t.v.) i Kreml onsdag.

Foto: Alexander Nemenov / Scanpix/AFP

LES OGSÅ: Clinton med nye advarsler til Iran

LES OGSÅ: - Iran kan eksplodere i vold

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt